Advent 2018- luke to
I kveld tende me det første adventlyset, og dei kvite filtenglane er plukka fram som ei begynning på adventstid i heimen. Nå går me inn i dei mørkaste vekene i året, men det er veker eg er veldig glad i. Det er så fint å tenna lys inne og la mørket utanfor vera mørkt. Det er nesten litt koseleg at det snart er mørkt både når me går til jobben og når me går heim igjen. Dei mørke morgonane i klasseromet med tende adventlys er noko av det som gjer det ekstra fint å vera lærar.
På torsdag feira me skulegudsteneste, ein før-advents-gudsteneste med temaet lys i mørket. Tredjeklassingane hadde teikna fine teikningar til temaet som var hengde opp på den eine veggen i kyrkja. Det er tradisjon for at første trinn kjem inn i prosesjon med lys i hendene og stiller seg opp i koret for å syngja for oss andre. Dei siste ti åra eller noko slikt har lysa vore elektriske. Det gir ikkje hundre prosent same stemninga, men nostalgikarane mellom oss får trøysta oss med at me ikkje lenger treng å tenkja på at det kan ta fyr i håret på nokon viss me ikkje passar godt nok på… Stemningsfullt blir det uansett.
Det er og flott med dansande barn i midtgangen, syngande barn i koret og tenning av levande forbønslys i lysgloben framme. I fjor vart eg att på skulen for å laga alternativ lysfest for dei som ikkje var med i kyrkja, men i år var eg veldig involvert i sjølve skulegudstenesten.
Me hadde besøk av fungerande biskop denne veka, og i samband med visitasen har det vore mange arrangement i kyrkjeromet. Biskopen hadde ein kort tale i samband med ei dramatisering av «Den gamle skomakaren» av Leo Tolstoj. Ho fortalde ei historie som eg kort siterer etter minnet:
I eit rom blir det bore inn levande lys. Den som ber lyset fortel kva slags lys dei har i hendene. Det er lyset for kjærleik, lyset for tru, lyset for menneskeverd og fleire andre.
Så kjem det inn eit menneske og bles ut lyset for kjærleik fordi ho har mista trua på at kjærleiken finst etter ei forferdeleg oppleving. Det same skjer med lyset for tru fordi nokon har mista trua etter å ha blitt utsett for noko veldig vanskeleg. Til slutt er bare lyset for håp att. Heldigvis er det vanskeleg å blåsa ut lyset for håp, for så lenge nokon framleis håpar, vil det vera liv i det. Det viser seg så at dei andre lysa kan flamma opp att etter å ha fått nærkontakt med håpet. Ein flamme må koma ein stad i frå, men så lenge det finst ein flamme, kan slokna lys få ny eld.
Denne vakre historien har eg lyst til å tru på. Så lenge nokon håpar vil håpet vera i live, og så lenge det er håp, finst det ei kjelde til liv, kjærleik, menneskeverd og ei betre framtid.
I dag passar det godt å avslutta med diktet om «Håplause håparar» som eg skreiv for nokre år sidan. Eg vil gjerne vera ein håplaus håpar…
Håplause håparar
I mørke, blåsande kveldar,
er det godt å vita
at det alltid går
ein og annan håplaus håpar
der ute.
Ein med lys i stormlykta
og eit hjarte som nektar
å gi opp.
Det snublar mange av dei
rundt på vegane
med narrehattar,
klovnenasar
eller nonnekjolar.
Eller bare
djupt alvorlege tenkjarar
med bøner til Gud
og til livet
med snorer av håp
og av kjærleik
knytte fast til handledda sine.
Heidi