Gå til innhald

Advent 2018 – luke 3

desember 3, 2018

441EF896-7247-4BC2-A42D-90C0CB5CE868

Det skal innrømmast at biletet over er frå sist veke. Då var det sol ute og blå himmel midt på dagen. I dag har det stort sett regna.

I dag skunda eg meg heim frå jobb for å gjera klar til å ha gjester i kveld. Nå har det sitte sju damer i stova vår med den agendaen å snakka om lys i mørket. Samtalane våre er alltid spennande.

I ei bok me les i lag blei det i dag oppfordra til å avslutta dagen med å bruka nokre minutt om kvelden på å reflektera over kva som har skjedd akkurat i dag. Kva har vore dei lysaste punkta og dei mørkaste punkta? Kva var det som gjorde at dei gode punkta vart så gode? Kva var det som gjekk gale då det kjendest som mørkast? Er det erfaringar me kan ta med oss vidare for å oppsøkja dei lyse punkta og unngå dei mørkaste? Har det ein hensikt å alltid flykta frå mørke punkt, eller må ein til ei viss grad anerkjenna dei, sjå dei rakt inn i auga og godta at dei er ein del av livet?

Det interessante med dei lysaste punkta er at dei ikkje nødvendigvis kjem på ei spennande reise eller på ein konsert ein har gleda seg lenge til. Dei kan like godt møta deg i kassakøen på Kiwi, på veg opp ei trapp eller på bussen. Ein studie av dei lysaste punkta i dagen kan vera direkte oppmuntrande og oppbyggeleg. Dei mørke skal ein og møta med respekt og alvor og ikkje la seg knekka-.

I gammalt klosterliv kalla ein ei slik reise gjennom ein levd dag for eksamen. Den tanken kan få henga i lufta til i morgon. Då har eg to lesedagar før mine eksamenar på torsdag og fredag. Viss eg brukar dagane godt, så ligg eg ikkje så verst an, trur eg… Så gjeld det å halda mitt kaotiske alter-ego, fru Huskestuen i sjakk. Ho fryktar det digitale aspektet ved det heile, men me skal truleg klara å losa henne gjennom denslags utfordringar…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: