Gå til innhald

Advent 2018- luke fire

desember 4, 2018

A9553625-F812-4D35-B4D4-C249B2C180E0

Ein dag av ein sjeldan sjanger går mot kvelden. Dette er den første av to lesedagar, og bortsett frå ein tur ut til stranda for å få litt luft og trim, så har eg sitte ganske flinkt ved skrivebordet mitt og prøvd å samla trådane. Har eg orden på omgrepa, mon tru…  Affordans, koherens, kohesjon, semiotisk potensiale, kasualkoplingar, temporalkoplingar, semiotikk, tema og rema… Det viktigste er vel å ha ei viss dybdeforståing og sjå dei store linjene? Det er heime-eksamen med alle tilgjengelege hjelpemiddel, men me har fått beskjed om at tida er så knapp at det er best å ikkje bruka tid på leiting…

Det er i grunnen ei behageleg boble å krypa inn i, nesten som ein liten ferie. Det er ikkje kvar dag eg kan la verda segla sin eigen sjø og sitja her og meska meg med smale tema som eg i grunnen finn veldig interessante, men som eg sjeldan har tid til å reflektera så mykje over. Kanskje ei forskarstilling kunne vore noko? Bare gå i dybden på ting som interesserer, ikkje ha ei einaste friminuttvakt, meir enn ti minutt til å eta maten på, ingen elevkonfliktar eller bekymringar om kor vidt Ola og Kari har det godt eller ikkje og om Espen Askeladd får eit bra nok skuletilbod sidan han ikkje har fått tildelt den hjelpa han godt kunne trenga…
Eg kjenner etter og finn ut at eg nok er litt for glad i dei kompliserte, glade, urolege, innadvendte, utadvendte og sprell levande ungane eg til dagleg omgjer meg med på alle kantar til å på fullt alvor kunna tenkja meg eit yrkesliv heilt utan dei.

I dag har eg solidarisert meg med alle jenter og gutar som har eit snev av «flink-pike-syndromet», for det rammar nok gutar og, som akkurat nå jobbar seg halvt i hel for å få gode nok karakterer til jul og til årsslutt. Eg veit at det er elevar som har som mål å få seksar i alle fag fordi dei treng det til ambisiøse framtidsplanar. Tenk å jobba så hardt at ein femmar er eit nederlag, og så snubla på målstreken og kjenna at det mislukkest på trass av ein nesten umenneskeleg innspurt der ein ikkje skal lukkast i eitt fag men i fire, fem, seks, sju fag for å få det vitnemålet framtida heng på…

Sjølv er eg vaksen og i jobb og skal bare stå på desse to eksamenane. Sannsynlegvis kjem det ikkje til å få nokon som helst praktisk konsekvens om eg bare så vidt står på eksamen eller gjer det bra. Likevel blir eg trigga av at eg veit nokon skal setja karakter på det eg gjer. Eg burde vita betre. Dette gjer eg for å auka det faglege grunnlaget for å undervisa, og det burde vera motivasjon nok.
Eg får og ei auka forståing for alle desse som føler seg tvangsmata med pensum dei aldri har bedt om å bestå, alle dei som ikkje klarer å spa opp motivasjon for skulearbeid fordi det dei skal målast i ikkje interesserer dei.

Visst er det ei stor oppgåve for oss som står der og har undervisningsansvar å leggja fram fagstoff på ein slik måte og ein slik glød at det smittar over på elevane si nysgjerrige lærelyst og trong til å finna ut av verda på eiga hand. Likevel må eg innrømma at eg grøssar ved tanken på å bli tvangsplassert i ein kvardag der det var astrofysikk om føremiddagen, bilmotorar om ettermiddagen og orienteringsløp med kart og kompass om kvelden før eg måtte laga presentasjonar om digital koding som eg måtte visa fram i eit stort auditorium neste dag…

Men her kan eg ikkje sitja og la subjunksjonskoplingar og semantiske kjeder bare liggja der når det er eksamen om halvanna døgn…

Eg kan bare som ei tilleggsopplysning kanskje fortelja at det var frisk vind på Orrestranda. Nesten all laussanden hadde føke vekk, og sanden var hardpakka og stripete med stubbar av marehalm. Solnedgangen mellom skyene var blodappelsinrosa, den finaste fargen av alle.

 

DF806243-201C-43D3-9DC1-FF98ECE6AD28

16CA32B0-F2E6-482F-9997-19EE77266755

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: