Gå til innhald

Advent 2018- Luke fem

desember 5, 2018

 

ABA6633F-F4BD-42ED-829A-D46618463C9B

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skriva om eksamen i dag, det er liksom eit litt oppbrukt tema frå mi side, men eg må ta meg tid til å innrømma at me som utdanna oss på åttitalet slapp billig frå ein del formelle krav.

Nå har eg sitte i sikkert to timar og laga litteraturliste over alle artiklane og bøkene me har lese, slik at dei skal kunna limast rett inn i dokumentet i morgon. Eg forstår korfor det skal gjerast slik, for elles ville halve tida gått med til å laga den lista. Eg høyrde akkurat om ei som vart trekt ein karakter i matematikk fordi litteraturlista ikkje var ført alfabetisk. Eg får håpa eg har fått alle komma, punktum, parentesar og kursivar på nokonlunde rett plass, for dette var ein jobb for meir spissfindige pedantar enn meg…
I går vurderte eg frå bloggarstolen om ikkje forskning kunne ha vore noko… I dag har eg landa i den brutale sanninga at eg passar nok betre til å skriva blogg. Det måtte vera kjekt å fordjupa seg i å finna ut av ting, men dette nitidige tålmodet i bittesmå ting.

Ein gong gjekk eg på kalligrafikurs hos flinke, flotte Herborg Kverneland. Eg synest at kalligrafi, altså kunstferdig utforma skrift er så fint. Eg forstod nokså fort at det var ein disiplin eg og Elvira Huskestuen ikkje har noko stor framtid i… Herborg fortalde om ein som hadde sagt at hans store draum var å få bruka eit heilt år på å utforma ein heilt perfekt bokstav. Då forstod eg at eg ikkje var heilt der,  sjølv om eg skulle ha slumpa til å ha finmotorikken med meg, noko eg definitivt heller ikkje har…

Det er fint at me utfyller einannan. Eg kan laga tekstar som andre kan kalligrafera, synga eller laga musikk til. Det er fin arbeidsdeling…

Den einaste pausen eg har hatt frå kontorstolen i dag var å ta i mot ein liten gjest ei stund i føremiddag. Veslejenta er i karantene etter å ha hatt spysjuke på måndag og natt til tysdag, og nå har dei ein 48-timars regel på kor tid dei kan koma tilbake til barnehagen etter å ha kasta opp. Vanlegvis har eg ingen respekt for smitte. Eg har tru på at eg er bortimot immun for det meste etter 33 år mellom snottete og hostande ungar. I går fant eg likevel ut at eg ikkje våga meg på sjukebesøk på ein lesedag før ein eksamen det kan vera greitt å få tatt. I dag var det ikkje noko omgangssjuke å spora, bare snåtten var framleis der…

Og snart er det juleferie. 🙂

AEFD3CB1-4168-4E67-AE07-3B986B979793

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: