Gå til innhald

Advent 2015- luke

desember 6, 2018

EF45078D-5D2F-47A0-B369-29C73798D13B

I dag får det bli eit fredeleg bilete. Nå er mitt livs første heimeeksamen tilbakelagd. Eg sat framfor datamaskinen i god tid og venta utstyrd med kaffikopp og farrisglas. Eg såg for meg at eg kanskje kunne ta meg eit par småpausar, men det kunne eg bare gløyma. Då me fekk eksamen oppdaga eg at det mangla eit vedlegg. Heldigvis oppdaga rette vedkomande det, og så me fekk fort melding om at me fekk eit kvarter ekstra i tid og at eit nytt oppgåvesett var send ut.

Eg skreiv utan eit sekunds pause, drakk ikkje av kaffikoppen ein gong, og vart med eit naudsskrik ferdig med alt eg hadde på disposisjonen. Då eg leverte hadde eg ikkje fått lese gjennom, og eg veit at eg mangla i alle fall ei litteraturhenvisning som eg ikkje fekk tid til å leita opp. Eg er ikkje sikker på om eg heilt har klart å knekka «eksamenskoden». Veldig mykje er heilt annleis enn sist eg prøvde meg. Eg meiner å hugsa god tid, pausar ute og småprating med eksamensvaktene, som i mi tid var «eldre damer», kanskje omtrent like gamle som eg er nå. Eg veit ærleg talt ikkje korleis det gjekk, men eg er nokså sikker på at eg står på det, og det får vera det viktigaste. I morgon skal eg prøva å leggja lista litt lågare slik at eg får tid til å lesa gjennom. Det tåpelege er at eg ikkje veit korleis eg skriv kort og konsist, eg har bare erfaring med å skriva langt og utbrodert… Og ein eksamen er kanskje ein litt farleg plass å prøva ut ein ny skrivestil?

Etterpå kjendest det som om eg hadde sprunge maraton, sjølv om eg ikkje har noko som helst grunnlag til å vita korleis det kjennest… Måtte debriefa meg sjølv med å gå ein lang tur med lue, vottar, gummistøvlar og svart regnkåpe over den tjukke gensaren. Eg kom meg ut litt over fem og då var det ganske mørkt allereie. Først gjekk eg ein runde i lysløypa i Sandtangen, og undra meg over at det var så mykje fuglelydar å høyra i mørke desemberkvelden. Så gjekk turen gjennom sentrum ned til kjøpesenteret, som i følge skilt på døra skal ha ope til langt på kveld heile desember. Der inne var det full julestemning og «All I want for christmas is you». Eg nøydde meg med å kikka litt, jula kjennest framleis veldig langt framme i tid.

Då eg kom heim fekk eg koseleg melding om at Jan og Hilde er blitt besteforeldre til vesle Noah. Han var så nydeleg på bileta at eg nesten fekk tårer i auga. Nyfødde barn er det mest fantastiske eg kan tenkja meg, eg skulle gjerne betalt høg timepris bare på å få halda dei godt inntil meg og kjenna på lukta og tyngda av eit nytt lite menneske. Eg gler meg verkeleg med dei.

Nå drikk eg kaffien eg ikkje fekk drukke før i dag, og går inn for tidleg landing. I dag vakna eg med eit rykk klokka fem og lurte på noko eksamensrelatert. Eg håpar eg er meir rutinert i morgon, nå er eg nesten der at eg trur på eit liv etter eksamen… Då skal det bli gildt å starta med slikt eg ikkje har hatt tid til å tenka på dei siste vekene.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: