Advent 201 – Luke sju
Sidan eg har utbrodert eksamensføljetongen i det vide og breie, så får eg nesten ta han inn for landing her. I dag hadde eg ein mykje betre dag som eksamenskandidat og stressa mindre på førehand. Dette kunne lett ha kome til å bli ein vane…
Oppgåva var enklare og mykje meir oversiktleg så sjølv om eg ikkje rikka meg frå stolen og leverte bare fem minutt før fristen, så var det nærmast litt kjekt å sitja og skriva. Eg hadde rett nok eit grøssande høgdepunkt då eg skulle klistra inn ein referanse og heile teksten min forsvann. Eg komen til avrundinga og var godt fornøgd, og plutseleg var heile oppgåva mi borte vekk. Eg leita så godt eg kunne, men ingen spor etter teksten endå eg visste eg hadde lagra, – av og til i alle fall. Til slutt var det å gripa mobilen med skjelvande hender og tilkalla Leif. Han sat i ein medarbeidarsamtale på jobben, men lova å koma med det same. Før superhelten min var på plass i heimen, hadde eg heldigvis på mirakuløst vis klart å finna igjen fila. Så slapp eg å prøva å reprodusera meir enn tre timars arbeid på tre kvarter, og det var eg djupt takknemleg for. Trøysta for alle oss litt klønete menneske som stadig opplever at ting bare skjer, må vera at me truleg opplever fleire kvardagsunder enn dei flinke som alltid veit kor dei har armar og bein, handvesker, mobilar og nøkleknippe…
Eg og Cleopatra landa til ein velfortent pause i sofaen etter at eg hadde motteke bekrefting på at eksamensoppgåva mi var vel levert og truleg framme hos rette vedkomande. Det kjendest som eg hadde fått juleferie, sjølv om sanninga nok er at eg har mindre juleferie enn dei aller fleste fordi eg har skubba ein del ting på jobben framfor meg til etter eksamen, og fordi eg ikkje har hatt tid til å tenkja på jula her i heimen. Men nå skal alt bli ei sann fryd. Eg skal gjennomføra utviklingssamtalar og gjenståande evalueringar med stor glede og verkeleg kosa meg med å bidra til juleverkstad og felles-julesamling som trinnet skal arrangera i aulaen. Første post i dette eksamensfrie livet er at eg skal på julebord med jobben om litt over ein time. Det er truleg på tide å sjå etter om eg har noko eg kan ha på meg…
God helg, alle saman.
Heidi