Gå til innhald

Advent 2018-luke 18

desember 18, 2018

Tysdagar er dei lengste langdagane i vekene mine. Først er det vanleg jobb og så den vekeplanlagde tida for møter og utviklingsarbeid. Så kjem det ein liten pause som eg brukar på skulen og med gilde kolleger i kulturskulen før det er skapande skriving med kulturskule-elevane mine frå halv seks til halv åtte. Ofte blir klokka halv ni og ni før eg kjem meg heim, for det er ofte litt etterarbeid med det eine og det andre. Ofte er eg trøytt før eg kjem til kulturskuledelen, men eg liker meg så godt i lag med skrive-elevane mine at med ein gong eg møter dei gløymer eg at eg er trøytt.

I dag tenkte eg å dela ein skrive-idé som viste seg å vera ganske vellukka. Eg hadde kopiert opp mange julesongar både på engelsk og norsk, og elevane skulle klippa ut linjer, fraser eller ord og laga sine eigne juledikt ved å lima det saman på nye måtar. Dei kunne føya til ord med blyant, eller la det vera.

Jentene på skriving likte oppgåva godt, og eg syntest at dikta deira vart interessante. Dersom me hadde hatt meir tid, kunne me jobba meir med å perfeksjonera tekstane og bruka dei som ein slags slam-poesi som kunne framførast med musikk til. Det er mykje mogleg at dette egnar seg best på mellomtrinnet og på ungdomsskulen, men det er fritt for å prøva ut idéen dersom nokon har skrivetimar att. Eg veit av erfaring at det er vanskeleg å skriva gode juletekstar. Det er ingen gong det er lettare å falla inn i klisjear og konvensjonar, og resultata har lett for å bli ganske platte. Dette synest eg har noko litt forfriskande over seg, og elevane må forhalda seg til desse tekstane frå ein ny innfallsvinkel.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: