Gå til innhald

Advent 2018- luke 19

desember 19, 2018

E93D1FFE-9E30-42BB-B704-69E661AE1770

I dag fekk dei siste elevane på tekstilgruppa ferdig sitjeunderlaga, slik at dei nå er tova i vaskemaskinen min og er klare til å eventuelt bli julegavar. Dei som haldt på med ekstraoppgåver kom og i mål, så alt var såre vel. Kunst- og- handverk, eller forming som det heitte då eg tok det, er eit av dei faga eg er best kvalifisert i. Først hadde eg ei kvartårseining i Kristiansand og så eit heilt år med hovudvekt på tekstil på formingslærarhøgskulen i Notodden.

Kunst og handverk er eit av dei faga det kan vera aller mest hektisk å undervisa i. Det aller første året mitt som lærar på Etterstadsletta skule, hadde eg to trinn i tekstilforming, eg hugsar det som eit år i stadig kamp med symaskinar som ikkje ville samarbeida, og etter det året var eg mest lukkeleg dersom det var keramikk og teikning som var mitt fagområde. Symaskinteknologi kunne eg styra meg for, og framleis må eg vel innrømma at eg er meir glad i kunsten og kreativiteten enn den teknisk handverksmessige delen av faget. Sjølv om timar i kunst og handverk kan vera hektiske, kan dei og vera dei aller finaste timane med rom for kreative idear, for å prata saman og for å vera i lag på ein litt annan måte enn i andre timar.

Dessverre synest eg dei praktisk- estetiske faga har vore nedvurderte i ein periode. Eg håpar pendelen er på veg til å skifta retning. Eg trur fleire har fått auga opp for at den gode skulen er den skulen der eleven får brukt heile seg og heile si oppdagarlyst og evne til kreativitet. Eg kan likevel ikkje dy meg for å fortelja at då eg gjekk på barneskulen for femti år sidan, så meinar eg bestemt at alle elevane hadde sitt eige maleskrin og at teiknearka me fekk til å teikna og mala på var solide og porøse. Alle som har prøvd å mala på papir som liknar det ein brukar i kopimaskinen veit at det ikkje fungerer spesielt godt. Eg skulle ynskja me hadde råd til å gje elevane skikkeleg utstyr, men det blir kanskje meir pengar til det når ein er ferdig med å rusta opp det digitale utstyret rundt på skulane.

Ein annan ting eg har klokkartru på er å ta tid til lesing. Heldigvis får eg styrka denne trua i norskstudiet eg held på med. Sidan dette er ein preikestol der eg kan seia akkurat kva eg meiner, så kan eg koma med påstanden at alle barn burde bli lesne høgt for i minst eit kvarter kvar dag heilt til dei går ut tiande klasse. I tillegg må dei få sjansen til å lesa mykje sjølv. I to av klassane eg jobbar i har eg lese boka om Pitbull- Terje som går amok. Det har opna for mange fine samtalar om viktige og vanskelege ting. Hovudpersonen, Jim, bur aleine med ei mor som er invalidisert av angst og som han i realiteten har omsorgen for. Terje bur aleine med ein alkoholisert far som jobbar som julenisse på det lokale kjøpesenteret. Jim er forsiktig og introvert, Terje er utagerande og går ikkje av vegen for å opptre brutalt mot folk han opplever som truande. begge heimane står jula i fare for å bli avlyst fordi dei vaksne ikkje orkar å gjennomføra julefeiringa.

Ein kan meina mykje om sosialrealisme i norske barnebøker. Det eg er sikker på er at om ein jamnleg les slike bøker og snakkar om personane i dei med respekt, så vil det ta hol på ein del vanskelege tabuområde. Om elevar sit der og opplever noko av det same heime, så veit dei at dei ikkje er aleine om å ha det slik. Dei får og sett ord på at menneske med tung angstproblematikk og rusproblem ikkje er dårlege menneske, men menneske som i vanskelege periodar kan trenga hjelp til det å vera gode omsorgspersonar for barna sine. Me får og snakka om kva Terje og Jim kunne ha gjort for å få hjelp, at det er menneske der, lærarar, helsesystrer og andre vaksne som kan hjelpa når det er situasjonar som er så vanskelege at ingen barn burde måtta stå aleine i dei.

Innimellom alt det andre i dag fekk eg og med meg ein kinofilm, førpremieren på Sonja Henie- filmen. Det var mest av alt ein trist historie om eit menneske som strevde med livet og relasjonane til andre menneske. Eg tenkjer igjen på målsetjinga for skulane i kommunen: «Å gje elevane lyst på livet og evna til å meistra det». Det er ei verkeleg fin målsetjing. Måtte me som jobbar med barn finna nøklane til det.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: