Advent 2018 – Luke 20
I dag skal Silje få mest plass her. Ho var skrive-elev hos meg på skapande skriving frå ho gjekk i 6.klasse til ho gjekk ut vidaregåande skule. Etterpå har ho gått på forfattarlinja i Bø og tatt bachelor i skriving på eit universitet i England. Nå held ho på med ein master innan same området, framleis i England.
Då eg vart invitert til utstilling og opplesing på eit lite galleri på Kverneland, er det klart eg måtte gjera alt for å få med meg akkurat det.
Der var det dikt på transparent plast som svirra rundt der det var vanskeleg å fanga ord og tankar før dei svirra vidare. Akkurat slik kan det vera i det ekte livet og.
Me fekk lesa ein tekst der nokre av orda svevde over dei andre orda når me fekk på 3D – briller, og me fekk lesa tekstar der forfattarar med ulike språk og eit engelsk felles- språk hadde skrive lyrikk saman.
Silje snakka og las tekstar om det å vera tospråkleg, om det å byta ut morsmålet sitt med eit anna språk. I lyrikken fabulerte ho og om kva orda gjer med oss og kva me gjer med orda. Kven er me utan språk og kven er me når me har eit språk å kle oss i og eit språk å snubla i.
Nå står eg i fare for at min tolking eg meir vidløftig enn Silje Ree sine nokså jordnære ord. Det var kjekt å høyra og sjå, og eg er sjølvsagt stolt over at nokon av elevane mine fortsett vidare på vegane i språket lenge etter at dei har gått vidare frå det eg har å tilby…
Nå er det juleferie. For å bruka eit ord svigermor kunne ha brukt, så kjennest det velbehøvelig…
I løpet av morgondagen kjem både Halvard og Sunniva heim på juleferie. Det gleder eg meg til.
I ettermiddag forsvann straumen i nokre minutt, og etterpå har eg strevd med å få nettet til å virka. Nå tyr eg til mobilen for å skriva juleblogg. Eg håpar eg får til å leggja dette ut.
Heidi