Gå til innhald

Advent 2018- luke 21

desember 21, 2018

C4D66A86-8AE0-404B-A4B5-EA562B870600

Den mørkaste dagen i året baud på store kontrastar. Dagen starta med godt stell i frisørstolen, det var eit år sidan sist eg hadde teke meg tid til å koma seg dit. Etterpå hadde eg ein runde rundt på Bryne for å ordna litt med ting eg endå ikkje hadde fått kjøpt til jul, og så vart det nokre timar med innpakning og ferdigstilling av ting som skal gjest vekk om eit par dagar. Innimellom hadde eg fleire hyggelege stikk-innom-besøk, mellom anna av folk som ville kjøpa bøker, og nokon tok seg tid til ein kaffikopp. Kjensla av juleferie begynte å siga inn. Halvard vart henta på flyplassen klokka eitt og Sunniva klokka seks. Det er så fint å ha dei heime i huset igjen.

Saman med Odd Christian deltok eg i ettermiddag på det som gav meg dei aller sterkaste inntrykka denne dagen. Det var fakkeltog gjennom Storgata frå Kaizers plass til torget for å markera samhald og varme i samband med det brutale mordet på Maren frå Bryne i Marokko. Eg kjende henne ikkje personleg, men nokon som står meg nær gjorde det, og ho var elev på skulen der eg jobbar. At noko slikt som dette skulle skje med «ein av våre», hadde vel ingen hatt fantasi til å tenkja seg. Det er fint å sjå at folk søkjer saman når det vonde skjer for å trøysta kvarandre og vera nær kvarandre. Det var stort oppmøte og eit stille opptog gjennom gata med faklar som blafra farleg intenst i vinden. Det var fint å saman med så mange andre visa samhald og gje uttrykk for eit ønske om å vera litt til støtte for dei næraste i ein heilt forferdeleg situasjon tett oppunder jul.

På torget stod folk tett i tett, og det var gode ord frå både politiet, rådmannen, presten og ordføraren. Eg tenkte på kor fint det er at når det uventa og vonde skjer, då står me tett saman og prøver å ta vare på kvarandre og løfta håpet opp for kvarandre. Det rørte meg å sjå Reinert stå der med ordførerkjedet utanpå dynejakken i den iskalde vinden, og ikkje minst å sjå familien stå der med den store hunden som eg trur er Maren sin. Så lenge folk er villige til å stå saman i kampen mot vondskapen så er det håp for verda.

Bare det å tenkja seg korleis denne situasjonen kjennest for dei som har mista ei dotter og ei syster gjer vondt inni meg. Eg sender dei mange, mange varme tankar.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: