Gå til innhald

Advent 2018- Luke 22

desember 22, 2018

I dag har eg hatt ein kjempefin dag. Tradisjonen tru klarte eg og døtrene mine å få til ein jentetur til Stavanger. Det er noko av det koselegaste eg gjer å ta med meg jentene ut for å ha det kjekt og oppleva ting i lag. Eg fekk handla nesten alt som handlast skulle, og det var koseleg stemning i gater og butikkar. Eg synest det å handla julegavar i år har vore ganske roleg og fredeleg. Kanskje fleire folk kjøper det dei skal på nettet slik at det blir betre plass i butikkane?

Den einaste staden det verkeleg var fullt, var på ostehuset der me hadde tenkt å eta lunsj. Me ende opp på ein italiensk restaurant nede i Vågen der dei hadde kjempegod pizza. På heimvegen var me innom på ein triveleg lynvisitt i Sevjebråtet hos Jan Atle og Anne Mette. Me hadde tenkt oss innom Klokkarvegen på Håbet og, men det rakk me rett og slett ikkje, så det får bli eit prosjekt i morgon.

Me hadde vurdert om Iben skulle få reisa på bytur med dei store jentene, men teke i betraktning at dagen kunne bli nokså lang og kreva ein del tålmod, ikkje minst på det tidspunktet ho pleier å ha kvilen sin, så fann me ut at ho heller fekk kosa seg heime og på farten med far sin. Då me kom heim måtte me bli med innom og helsa på veslegullet. Tante Sunniva hadde ikkje sett henne på lenge, så nå gjekk det ikkje an å venta lenger. Det nye er at det etter vekevis med «vekselbruk» mellom gåing og krabbing nå ser ut som ho liker seg best oppe på to bein. Ho går framleis litt ustøtt, men ikkje verre enn at ho kan både dansa, klappa i hendene og bera med seg ting utan å mista balansen. Det er ein veldig spennande fase akkurat nå, språket og kjem meir og meir. Ho er i ferd med å forlata babyfasen og gå over i småbarnsfasen. Så fort eit menneske utviklar seg, og samtidig, så lenge eit menneske held fram med å vera totalt avhengig av omsorg, pleie og vern i forhold til alle andre skapningar på jorda. Eg er så takknemleg for at ho finst og i tillegg bur så nære oss at me kan ta del i alle desse utviklingsprosessane eit menneske skal gjennom.

1FB7A8B6-3FD0-4FF1-A823-7BE646F29933

I kveld fekk me med oss ein spesiell konsert i kyrkja som hadde fått tittelen Leif Andenes med band. Leif Andenes er vår høgt elska klokkar som nå har runda åttifem år og som er verdens beste opplesar og formidlar. Han las tekstane på ein del av dei mest kjende julesongane på eit teppe av utruleg vakker musikk. Han hadde med seg tre veldig dyktige musikarar på flygel, trompet og perkusjon.
Erlend Lygren stod for rytmen, dei andre to kjende eg ikkje frå før. Det var slik at eg gjerne skulle ha sitte der i tre timar til med auga lukka og bare lytta.

Me har ikkje pynta huset til jul endå, juletreet står framleis ute, og kontoret fløymer over av julegavar som skal pakkast, så me har litt å halda på med i morgon og. Nå søv resten av huset, så det er så fredeleg her at eg kanskje rett og slett skal setja inn litt innsats før eg går og legg meg.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: