Advent 2018 – Luke 23
Så er me komne til den dagen som på godt jærsk heiter «Litla julaftå». Sunniva og eg brukte mesteparten av dagen til å farta litt rundt og besøkja folk, overlevera brev og julegavar og få seg ein kopp kaffi eller to.
Det er ein veldig koseleg ting å bruka dagen før dagen på, spesielt sidan alle me besøkte hadde store framskritt på oss i pyntevegen, slik at me fekk litt forsmak på julefreden…
Det eg skal prøva å hugsa til neste år er at det ikkje gjer noko om huset er rydda og delvis pynta før klokka seks på lille julaften. Dersom alt går på skinner er det vel tid nok, men livserfaringa burde ha lært meg at det er sjeldan ting gjer akkurat det…
Juletreet var for ein gongs skuld veldig fint, men Halvard og eg strevde fælt med å få sett det i foten. Me har for eit par år sidan kjøpt ein juletrefot som fungerer litt etter revesaks- metoden, ein pressar treet ned i ein ring der det på ein måte kjem i eit gripegrep mellom tre jerntenner. Ved første forsøk kom treet nedi, men det stod skakt og me måtte få det ut att. Ved andre forsøk tok treet overbalanse og velta. Sunniva sin teori om at treet vart stødigare etter at me hadde helt på vatn i foten fordi denne ville bli tyngre med vatn i høyrdest fornuftig ut, men utprøving av dette trikset førde til at minst ein liter vatn måtte tørkast av parketten med badehandkle og at begge dei to juletre-underlags-teppa vart søkkvåte-. Til slutt kom far i huset heim og klarte å finna ut av det i lag med yngstesonen…
Fleire av juletrelysa mangla glaset som skulle beskytta pæra, men dei lyste likevel. Etter å ha fått til å festa eit lys i toppen som stjerna skulle træst ned på, viste det seg at stjerna må vera arva eller kjøpt til eit anna sett med lys, for ho lot seg på ingen måte pressa ned på topplyset. Heldigvis fann me ei anna stjerne med ein annan patent som ikkje er så fin som den andre, men det vår vera slik i år…
Dei fine juletrekulene eg har arva etter bestemor er på plass og nå ser treet og stova ganske bra ut. Kanskje planen min om å vakna på julaften i eit ryddig og velordna hus med potetene skrelde og pinnekjøtet klart slik at mor kan setja seg ned og kosa seg med TV kaffi, frukt og TV til det er på tide å gå i kyrkja viser seg å fungera ein eller annan gong. Det blir ikkje i år… Men det går nok bra likevel. Me er vel nokså heilt etter eige skjema, og der er trass alt det me er mest vane med her i huset…
God jul både til dokker flinke folk som har kontroll på jula, og til dokker andre som kjenner seg meir igjen i situasjonen her i huset. Det blir jul!
Heidi
God jul!