Gå til innhald

Jul 2018

desember 26, 2018

IMG_20181226_225101_333

Det er blitt kveld andre juledag, og sjølve juledagane er snart til endes. Symptomatisk nok spring eg litt bak dei fleste andre. Nå i kveld har eg fått rydda unna innpakningspapir og band og andre veldig siste-innspurt-relaterte remedier, og eg har akkurat klart å finna dei små gyngehestane til å henga på juletreet, det eine duftlyset med julelukt og den vesle figuren med ein liten trommeslager frå dronningens garde som sit på tromma si. Alt saman kjøpte eg i København i november og eg har ikkje klart å finna det att før nå. Eg hadde til og med gløymt at det var gyngehestar det var, eg hugsa bare at det var dansk julepynt frå Illums bolighus. Nå har eg hengt det fint på treet mitt, vel vitande om at dei som pynta sitt tre i begynnelsen av desember, snart skal begynna å plukka pynten av, det er godt me er ulike…

IMG_20181226_224752_538

rhdr

rhdr

Nå sit eg her og er godt fornøgd med at ryddinga til jul nesten er fullført… Eg høyrer på verdibørsen på opptak på P2 og kosar meg med litt aleinetid. Framfor meg på bordet har eg ei bunke fine julehefte som eg kanskje snart får tid til å lesa i.

Det å organisera jul er teambuilding på høgt nivå. Det er mykje som kan gå gale, og dei meste småtinga som gjer akkurat det blir heldigvis fort gløymt. Det er mykje som skal klaffa. For eksempel skal ein få juletreet til å stå oppreist i foten sin, ein skal ha middagen klar til gjestene kjem og hugsa kor ein har lagt alle gavane ein har kjøpt inn. Eg er glad eg aldri har kasta meg på bølgja om open kjøkkenløysing. Korleis alle andre får til å halda det ryddig rundt seg når dei lagar mat, er meg ei stor gåte.

I store trekk kom me faktisk i mål. Huset var pynta då eg la meg vesle julafta og dagen etter kom store og små barn og barnebarn og fann julestrømpene sine som framleis heng att frå barndomen. Dei av oss som hadde tenkt seg i kyrkja nådde gudstenesten. Det var vakkert og fint. Eg gløymde bare att eit skjerf, det finn eg nok att neste gong eg er i kyrkja. Om det er der votten min ligg er vel tvilsamt, men eg har eit håp om å finna igjen den og. Pinnekjøtet var passe kokt og steikt og passe utvatna, og kålrabistappa som hadde ein suppeaktig konsistens etter eit forsøk med bruk av stavmiksar, smakte godt. Det sterkt forkjøla barnebarnet i kjole inspirert av det usynlege barnet i Mummidalen åt julemiddag med stor matlyst og kvitra som ei lita lerke då ho fekk vera med og opna pakkar. Det var veldig triveleg å feira julekvelden med alle «barna» våre rundt oss. Det er ikkje mange ting eg liker så godt som å få bruka litt tid med «ungane» mine. Eit barnebarn på toppen er sjølvsagt rein fryd og bonus.

Ei kritisk etappe av julefeiringa er overgangen frå ein sein julekveld med alt av rot det fører med seg til å arrangera familieselskap relativt tidleg første juledag. Når nye rettar skal tryllast fram, bordet dekkast, rotet ryddast vekk og alt ordnast til er det godt med litt assistanse. I dette tilfellet kom hjelpa både frå generasjonen over og under, mor og far kom heldigvis litt tidlegare og hadde med seg deler av maten. Hjelpa deira kom vel med og alt var nokonlunde i orden då dei siste gjestene kom, og eg trur at alle hadde det fint.

I dag, andre juledag var det sein frokost og hurtigsjakk og kø på bada då eg skulle stellast i stand til dagens juleselskap hos syster og svoger. Det krevest god kondis for ei intens jul med storfamilien, sjølv er eg laga slik at eg nyt å ha mange folk rundt meg nesten heile tida. Eg er takknemleg for å kunna feira jul med fire generasjonar. I morgon er det ingen selskap for min del, eg ser for meg ein roleg dag med besøk av mitt eldste og einaste barnebarn og noko som liknar litt meir på ein normal dag. Heldigvis er romjula framleis uspretta og ubrukt. Me kan ikkje gi oss med julefeiring nå når eg endeleg har funne fram den siste pynten.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: