Gå til innhald

Kvalbukar og nattsvart cabaret

februar 18, 2019

IMG_20190217_192745_940

Påfyll til sjel og tanke gjer godt. Nokre gongar ligg impulsane og dirrar i kvardagslufta i dei roma ein bur og arbeider i. Andre gonger trør ein inn i andre og større rom og finn noko der som ein ber med seg lenge, og kanskje til og med må dela med andre. Eg har lyst til å dela tre slike opplevingar med deg som les her, kanskje når impulsen deg i dag, kanskje seinare. Det er det som er det rare og fine med tankar og rørsler mellom menneske, dei held fram med å skapa nye tankar ut frå kven det er som tenkjer, og med dei erfaringane alle menneske ber med seg.

På torsdag var eg på teater i lag med kolleger, me såg Cabaret, eit stykke eg hadde tankar og forestillingar om frå før, men som eg gleda meg til å sjå i ny og lokal drakt. Det eg såg rørde meg langt inn i sjela. Dette å vera menneske, å lengta etter glede og kjærleik, å villa underhalda og underhaldast, dette å villa gå i flokk med andre, og dette å villa sleppa å bli drogen ned i alt det som er vanskeleg og gjer vondt… Skodespelarane var kjempeflinke, spesielt gjorde Mareike Wang og Even Stormoen inntrykk på meg. Handlinga foregår på eit litt frynsete varieteteater i Berlin i mellomkrigstida. Det første som rørde meg var at dei som jobba med cabareten var menneske som gav inntrykk av å ha vore ute både ei og to vinternetter før med ekte menneskekroppar, med slitte kostyme og ansiktsuttrykk. Dei utstrålde ein slitt og melankolsk råskap som gjekk rett i hjartet på meg.

Stykket handlar om kor vanskeleg det kan vera å vera menneske, og kor lett det er å gjera som flokken og ikkje sjå at ein trør feil. Plutseleg gjekk heile teatertruppen med armen løfta til nazihelsing, og ein av hovudpersonane oppdaga plutseleg at han hadde tent lette pengar på å spreia nazipropaganda. Alle i salen forstod kor gale det kom til å gå utan at karakterane på scenen klarte å sjå kva dei var med på. Dei hadde meir enn nok med å takla dei krevjande kvardagsliva sine og såg ikkje at undergangen nærma seg før det var for seint.

IMG_20190215_190358_051

På fredag var eg på gospelkonsert i kyrkja med to kor, New-Orleans-inspirert jazzband og innflogen afroamerikansk solist. Det var ei stor oppleving. Songar som «Just a closer walk with thee», «When the stars begin to fall» og «Oh I´m just a weary pilgrim», gjorde det så tydeleg for meg korleis det å syngja slike songar og det å kunna tru at ein er i ein større samanhang og i ein større kjærleik enn den jordiske, har sett mot i menneske gjennom vanskelege tider og hjelpt dei å ta vare på håpet og gleda. Det stod og klart for meg at me treng ei tru full av håp til å halda oss fast i, og til å holda oss oppreiste av i tider som dette og. Eg gjekk ut der i frå med kroppen full av glede.

cof

cof

På sundag kom eg meg så vidt i veg på sundagsgudsteneste. Det var ein gudsteneste med familiefokus, og sidan eg ikkje hadde barn å ta med meg vurderte eg å ta det med ro heime og høyra på radioen. Heldigvis kom eg meg dit, for dette viste seg å vera mat for sjela både for såkalte vaksne og for barn i alle aldrar. Temaet var Jonah som vart slukt av ein stor fisk, og altarpartiet var slik at me såg halen og kjeften på ein kval stikka ut på begge sider. Jammen talte ikkje denne historien og til meg på ein måte som møtte tankane mine der dei er heime for tida. Plutseleg stod «barneforteljinga» om Jonah for tankane mine som eit høgaktuelt kall til handling.

For å oppsummera kjapt for dei som ikkje heilt har barnelærdommen fremst i tankane: Jonah vart send av Gud for å fortelja folk i byen Ninive ei forferdeleg historie om dom og undergang. Han prøver å ryma, og i strabasane for å sleppa unna havnar han i magen på ein stor fisk, før han etter tre dagar blir spydd opp, og til slutt luskar til Ninive for å framføra domsprofetien og spå at byen skal bli øydelagd. Folk i byen angrar, og øydelegginga kjem ikkje likevel. Jonah blir sint på Gud og meiner at han har tapt ansikt til inga nytte, undergangen kom jo ikkje… Gud må halda opp spegelen for han slik at han ser at eigen stoltheit er ein liten sak i forhold til det at tusenvis av menneske vart sparde.

Ei gruppe barn hadde jobba med teksten på førehand og skulle få fortelja om sine tankar. Stikkordet kval fekk dei til å assosiera til kvalmagar fulle av plast…

Både altaret og presten og alle som hadde oppgåver i denne gudstenesta stod «midt i kvalen», og for den som hadde fantasien i orden var det mange tankar ein kunne spinna seg rundt dette. For meg vart fasiten tankar om å våga å sjå, tankar om å våga å seia frå og tankar om håp og ei lysare framtid. Er det ikkje det me trur på i kyrkja. Som det står i håpstangoen frå latin- Amerika. «Så kan vi holde ut i harde tider, så vet vi Gud er nær selv når vi lider…»

Barna hadde laga ei bønevandring i kyrkja der det mellom anna var eit bønetre der ein kunne henga opp papirstrimlar i ulike fargekodar, ein farge for takk, ein for vanskelege tankar … To barn stod ved døypefonten og teikna krossmerke på hendene til dei som ville velsignast. Barn dansa, barn var forsongarar og barn løfta fram vin og brød i nattverdsinnstiftelsen. Barn er sjølve håpet, og det som gjer at me aldri må slutta å kjempa for ein meir rettferdig verden og ei jord som kan ta vennleg i mot nye generasjonar lenge etter oss.

IMG_20190217_192626_904

Og om me endåtil må la oss sluka,
av store kvalar med og utan plast i magen,
slukast av det store mørket,
kjempa i dødsskuggens dal,
skal me vita
med kvar fiber i kroppen,
at her har det skjedd under før,
for den som stirrar vondskapen rakt i auga,
og ikkje prøver å flykta
frå det som må gjerast
frå det å ta dei beiska orda i munnen
og halda speglane høgt oppe
sjølv om me fryktar vårt eige bilete der inne
meir enn noko anna vondt.

Heidi

(PS: Diktet på slutten er eit uferdig førsteutkast, men det høyrde heime her.)

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: