Gå til innhald

April alt…

april 5, 2019

IMG_20190401_140203_856

Og visst har voren kome, stillferdig og smygande slik at me nesten ikkje har lagt merke til det. I går kom elevane opprømte inn etter friminuttet og erklærte at «Det er kokvarmt ute, me må få utetime eller i alle fall opna eit vindu!» Det må innrømma at den herverande læraren ikkje gjekk med på utetimeforslaget, her gjeld det å prøva å koma i mål med årsplanen i samfunnsfag. Heldigvis har dei andre lærarane på trinnet mitt teke gjengen med på sykkeltur i dag, så eg trur ikkje det er frykteleg synd på dei. Eg for min del har sitte heime og klart å koma i mål med ei elevtekstanalyse som skal leverast seinast sundag. Som alltid har eg brukt mange timar på å sitja og skriva om samt fila på setningar for å få det kort nok til det oppgitte antal teikn utan mellomrom. Dette studiet har latt meg sjå kor ordrikt eg vanlegvis uttalar meg om ting, og det er utan tvil sunt å læra seg noko om begrensninger. Heldigvis kan eg utbrodera og boltra meg her på bloggen min, og eg slepp å laga lange og innvikla referanselister der eg småmysande prøver å fokusere skjermen så godt at eg klarer å sjå om alle punktum, komma, parentesar, mellomrom og kursivar er på rett plass…

Nå er det mindre enn to månadar att til eksamen, og framleis er det mykje som skal gjerast. Då eg begynte på dette studiet tenkte eg at noko måtte eg vel prioritera vekk i allereie overfylte timeplanar, eg visste bare ikkje kva… Nesten til mi eiga overrasking så har eg rukke nesten alt eg pleier å rekka, det einaste det har gått verkeleg hardt utover er bloggen min. Evna til å organisera seg så strukturert og planmessig er eg nesten overraska over at eg må ha i meg, og eg gleder meg veldig til å ha tid til å gjera ingenting.

IMG_20190403_205603_728

På tysdag skulle eg handla litt på butikken ved skulen i mellomrommet mellom dei to jobbane mine, skule og kulturskule. Eg trudde eg hadde eit tøynett i veska, slik eg pleier men det hadde eg gløymt denne gongen. Eg hadde tenkt å be om ein pose, men til mi eiga overrasking høyrde eg stemmen min seia: «I dag trur eg rett og slett at eg må få ein pause…» Mannen i kassa snakka i telefonen samstundes som han ekspederte meg, såg litt forvirra opp, og tenkte: «Eg høyrde nok feil», det var ein pose ho bad om…» Og pose fekk eg… Eg smilte litt for meg sjølv for eg tenkte på det eg ein gong las i skriftene til Sigmund Freud, at feilsnakkingar, feilskrivingar og førgløymelsar ofte ikkje er tilfeldige, men viktige meldingar frå undermedvitet…

Men livet er godt. I dei fulle dagane mine er det mange reine gledesprosjekt, og mange som nesten er det. Me lever midt i livet med liv i begge armane, mellom anna i form av å dela hus med eit lite menneske som snart er halvanna år og som har gode smil, mjuke kinn og eit stort arsenal varme klemmar.

Snart skal eg bli ein pasjonert bloggskrivar igjen. Det gler eg meg veldig til. Eg har i tillegg god tru på at eg kanskje får til å skriva små innlegg kvar dag i heile mai månad, slik eg ser gjort i veldig mange år. I alle fall blir det romslegare skrivetider i juni.

Nyt våren alle saman!

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: