1. mai 2019

oznor
Det er jammen blitt første mai dette året og. Eg har lova meg sjølv at Mai-bloggen skal det nok bli ein råd med sjølv om dette garantert blir fire travle veker. Nokre prosjekt er så viktige at det ikkje går an å bare droppa dei, og nå er det på tide å prioritera skriving på Sporisand. Kva eg skal nedprioritera har eg ikkje bestemt meg for endå, men det vil vel visa seg…
Kirsebærtreet blømer sjølv om det fekk så hard medfart med saga sist det vart beskore at eg trudde det aldri meir kom til å bera blomar. Bjørka står grøn, og kveldane luktar slik dei bare luktar når bjørka nettopp har sprunge ut og nokon har slått graset for første gongen på denne sida av vinteren.
På Bryne skule har heldigvis eitt av desse fantastiske rosa trea fått lov til å stå etter at kommunen tok vekk ein heil del tre frå skulegarden nå i haust. Var det opp til meg, skulle alle tre få lov til å stå viss det ikkje var direkte farleg å ha dei ståande. For det eg veit så kan det ha vore tryggleik som var grunnen til at nokon dukka opp med sagene sine, men det er fint å framleis kunna gleda seg til den korte rosa vårbløminga på uteområdet vårt.
Av og til skulle eg ynskja at bestemødre hadde betre tid slik dei hadde det i barndomen min og framleis har det i ein del biletbøker. Det er eit nokså langt sprang mellom ei bestemor med dult og tøfler ventande i ein stol og med all verdas tid i fanget til slike bestemødre som har både ein og to jobbar, studerer og snart skal ha eksamen og i tillegg har ein del andre ting som bør og må ordnast. Likevel trur eg kanskje at ein som mormor veit kor fort eit lite menneske blir eit mykje større menneske, og derfor har vit til å prioritera og elska tida med eit veldig lite menneske den korte stunda tida er der. Det å dela hus med veslejenta i fire månadar har vore ei sann glede på alle måter, nå må me bare nyta tida før ho om eit par veker eller månadar tek med seg mamma og pappa og flyttar inn i nyombygd hus.

dav
Det er faktisk heilt ok å vakna på ein fridag av at nokon står utanfor døra og ropar «Mojmoj» for så å klyva gledesstrålande opp i senga di, klar for ein ny dag. Det interessante i dette er at veslejenta i lengre tid har sagt «mommor» heilt rett med ein kontant skarre-r på slutten og heilt jærsk intonasjon. Den siste veka har ho prøvd seg på morfaren sin austlandsk variant, spesielt når ho er i saman med han. Me tre vaksne i heimen som ikkje snakkar med rulle-r, synest den slags sidevegar i språkutviklinga er bort i mot litt bekymringsverdige.
Eg veit eg har sagt det før, men eg observerer heile språkutviklinga med stor interesse. Det er så spennande å sjå det som skjer når eit menneske venner seg til «talens bruk». Det er fascinerande kor mykje ein kan kommunisera sjølv med eit nokså begrensa ordforråd og gester, spesielt dersom dei ein kommuniserer med kjenner kodane. At «ho-ho-ho-ho-ho» sagt i eit spørjande og muntert tonefall betyr at ho leiter etter apekatten sin er innlysande for husfolket. Og ei utstrekt hand og eit tydeleg «kykeliky» betyr at nokon har lyst til å leika med påskepynten…
Det er og fascinerande korleis eit menneske plutseleg får eit påtrengande behov for å læra seg ein ferdigheit ein så langt ikkje meistrar. «Hoppa!» har vore det store mantraet den siste veka. Det vil seia at ho står på eit trinn i trappa, sparkar frå med den eine foten og kastar seg tillitsfullt framover mot det som i beste fall er ein ventande vaksen med armane klare for å ta i mot. Ho øver og på «hoppa» på golvet, går ned på huk og prøver å sparka i frå utan at nokon skal påstå at spensten er til stor hjelp endå. Men fortset ho å øva på «hoppa!» i nokre veker til, så skulle det ikkje forundra meg om ho fekk det til…
Elles så har studiene teke plassen for eventuelle raude faner og solidaritetshandlingar i dag. To mappeeksamensoppgåver skal ferdigstillast for innlevering innan 8. mai, ei gruppeoppgåve skal skrivast, formast, filmast og leverast innan sundag kveld. 27. mai er det gruppeeksamen. Det er veldig travelt akkurat nå, men studiet går mot ein ende. Det har vore interessant og nyttig og ganske travelt å ha på dette toppen av alt det vanlege, så det skal bli greitt å koma i mål. Læringsstrategiar og lesestrategiar er ein viktig del av pensum, og eg prøver å praktisera dei på meg sjølv. Det går opp for meg at eg alltid har hatt som ein strategi å prøva å læra meg absolutt alt i pensum. Det kan fort bli ein tungvinn måte å gjera det på når bøkene er veldig mange og døgna like korte som dei alltid har vore. Eg har og prøvd å læra meg begrensningens kunst i skriving av tekstar, fordi eg synest antal ord me får lov til å ha med i ei oppgåve er omtrent halvparten av dei eg har brukt når eg har laga eit førsteutkast over det eg absolutt synest eg må ha med…
Dette har sikkert vore oppdragande, det viser bare ikkje så godt på bloggen endå… Korleis det blir med tid til skriving får visa seg, men ein kort tekst kvar dag i mai er målet…
Fred og solidaritet.
Heidi