2.mai 2019

smacap_Bright
Livet er aldri så grønt som i mai. Ein kunne bli frista til å tru at desse bileta er redigerte for å få grønfargen grønare, men slik er det ikkje. Akkurat så grønt var det i går kveld i Sandtangen. I tillegg song svarttrosten vemodig vakkert både i skogen og i nabolaget vårt. I dag morges sykla eg til skulen i iskald vind medan grøne slør blafra frå alle vinklar i synsfeltet. Det ser ut som om alt som kan springa ut er i ferd med å gjera det akkurat nå. Pollen av alle slag blir piska mot auge og nase og blandar seg med ei aldri så lita vårforkjøling som har sett seg i halsen og nesten teke knekken på stemmen min.

smacap_Bright
«Du har ikkje vurdert å heller gå heim og leggja deg?» spurde ein av elevane då eg prøvde å gje dei grunnstrukturen i det som ein gong hadde vore sovjetunionen mellom heftige hostekuler. Som ei innleiing til timen hadde eg formant dei om å snakka med veldig roleg innestemme eller vera rolege slik at eg slapp å heva min eigen hese stemme meir enn absolutt nødvendig. Heldigvis kunne eg beroliga dei med at det å leggja seg sjuk hadde eg på ingen måte tenkt å gjera, det meste går over av seg sjølv…

smacap_Bright
Vel heime tok eg med meg Iben på ein skikkeleg «blåsbort-tur» i vogna. Handlenettet bles ut av bagasjekorga under slik at me måtte springa etter det, og vogna måtte snust etter vinden slik at barnet fekk pusta. Ein stad var vogna nesten i ferd med å velta i eit vindkast, og tre av dei oransje gerberaliknande blomane me kjøpte med oss for å pynta til helga, knekte nakken i vinden. Heldigvis har me både små og store vasar i heimen, så alle kom i vatn.

cof
Barn som veks opp her får kjenna naturkreftene på kroppen. I ein song eg skreiv til Gjesdal kulturskule ein gong står det at «med nordavind i ryggen kan du klara alt som er». Det er eit merkeleg klima me har med sommarvarme og sol for ei vekes tid sidan og iskald vind og åtte grader i dag. Det skal seiast at då eg budde i rolegare vindstrok i landet vårt, så sakna eg vinden forferdeleg. Det er noko ganske forfriskande med å bli skikkeleg ruska opp i av og til.

smacap_Bright
I morgon skal me gjera opptak av ei gruppeoppgave til studiet, me har bare dryge fem minutt kvar til taletid, så stemmen skal nok halda til såpass bruk. Nå må eg bare sjå på det eg skal seia og prøva det ut med stoppeklokke. Det å snakka med begrensa taletid er utan tvil ei nyttig øving for slike som meg…

cof
Eit litt kritisk punkt er at eg skal låna Leif sin datamaskin når opptaket skal gjerast. Maskinen er stasjonær på arbeidsrommet vårt og står dessverre slik til at kamera fangar opp ei alt anna enn ryddig hylle som kjem til å stå bak ryggen min. Eg reknar ikkje med at faglærarane mine kan stryka nokon på grunn av manglande struktur i hyllene i heimen, men bakgrunnen plagar meg litt. Om nokon skulle ha eit skjermbrett med fototapet av ein strøken heim, så må dei bare seia i frå. Eg har diskutert saka med eit menneske som meiner at eit tilfeldig opphengt ullteppe over hylla vil få det til å sjå «ennå meir rosje ud». Det kan tenkjast at eg rett og slett må stela frå dyrebar studietid i morgon tidlig og rydda i hyller i staden…
Nå får eg helsa med fred, solskin og nordavind, og via meg til «fornuftigare sysler».
Heidi