3.mai 2019
Det er ikkje bare bare når fru Huskestuen vier seg til kompetansehevande studier. I går var det fint lite att av stemmen min, og i dag morges var han så godt som fråverande. Eit lite sjokk var det og å kikka på mobilen sin frå oppvakningsmodus i senga og sjå at det på framsida vart forkynt ei plussgrad og snø på Bryne. Først trudde eg at det måtte vera eit eller anna gammalt som kom opp ved ein feil, men det viste seg å vera nærare sanninga enn eg ville hatt fantasi til å tru. Etter inntak av halstablettar, sveitsiske urtedrops og heksebrygg i form av langtidsoppkok av ingefær og sitron kombinert med masse honning og helsebringande krydderte, så fann eg ut at dersom eg klarte å avstå frå talens bruk fram til arbeidskravopptaket skulle gjerast, så ville eg nok klara å få orda fram…
Det største sjokket denne morgonen var at då eg kom ut på arbeidsromet så var begge dei stasjonære datamaskinane heilt svarte og umoglege å få liv i. Eg hadde bruk for dei begge to for å jobba med teksten og gjera opptak, så det passa dårleg… Eg fekk sms-kontakt med Leif som hadde høyrd rykte om at det hadde vore eit kraftig torever i natt, og at dei i beste fall bare var av fordi straumen hadde vore utkopla…
Etter instruksjonar fekk eg liv i hans maskin, men det viste seg at det passordet han hadde send meg ikkje fungerte. I frykt for at alt skulle låsa seg, bad eg han ta kontakt når han hadde ein undervisningsfri pustepause slik at me kunne diskutera det.
Så kom det problemet som er så idiotisk at eg kanskje ikkje burde setja ord på det ein gong… Eg har fått meg ein ny mac fordi den gamle var veldig oppbrukt og nå kunne eg ikkje på nokon måte finna nokon påknapp. Eg leita både på skjermen, tastaturet og på dei to svarte små boksane som eg trudde kanskje kunne vera harddisken eller sjølve datamaskinen. Den einaste gongen eg kjenner meg gammal er kvar gong eg tek meg i å sakna elektriske apparat med ein tydeleg og markant på-knapp som ingen var i tvil om kor var, der lyden var ein brytar ein kunne skru på og der ein ikkje hadde bruk for nokon slags form for fjernkontroll eller tilsvarande forvanskande form for artifakter og duppedittar… For å vera ærleg så er det ikkje så sjeldan eg er akkurat der…
Sidan min mann og it- rådgjevar tydelegvis var stuck i ein undervisningssituasjon prøvde eg å melda eldstesonen i tilfelle han tilfeldigvis hadde ein arbeidstime utan elevar. Det hadde han. Via facetime fekk me filma heile installasjonen eg ikkje fekk på, og det viste seg å vera eit millimeterstort på-ikon nederst på den eine svarte boksen. Ikkje såg eg noko som såg ut som noko ein skulle kunna trykka på, men det ordna seg til slutt. Eg sende melding til dei andre på gruppa mi om at det var dataproblem i heimen, men at det kom til å ordna seg.
Det gjorde det og, i aller siste liten, nesten. Eg skal ikkje røpa noko passord her, men eg insisterer på at det er fleire enn meg som ikkje ville ha forstått at dei to første teikna i koden «po», betydde passord og ikkje skulle tastast inn… Eg har for lengst oppdaga at eg ville ha vore eit drøymeoffer for dataterror, det skal ikkje så mykje meir til enn ein utdregen stikkontakt til for å setja meg ut av spel. Dersom kaoskreftene prøver å visa meg at nettstudier ikkje er noko for sånne som meg, så kan eg svara med eit triumferande smil at nå er eg snart i mål… Eg fekk til og med tid til å panikkrydda litt i den hylla som heilt utan min vilje kom til å tena som kulisse for opptaket. Framleis vil nok dei færraste tenkja at eit menneske med ein slik struktur i hyllene sine må vera ein uvanleg ryddig student og ein ordensprega medarbeidar, men det hjalp litt frå utsikten i går. Dessverre hadde eg bomma litt på nedslagsvinkelen sidan dette var eit kamera og ikkje eit speil. Kristin i gruppa mi logga seg på i rett tidspunkt til å sjå ein stressa kaotikar orøva å manipuler billetutsnittet ved hjelp av vriding på skjerm og framtrekking av skrivebord.
Opptaket gjekk bra trur eg, og akkurat nå når eg prøver å festa dagen til tastaturet hylest det høgt inne i stova. Katten har kome inn katteluka med ei skada mus. Plutseleg følte eg behov for å seia at eg kanskje er litt sjuk i dag likevel… Litt for sjuk til å jakta på skada mus…
Heidi