Håpet har eit ansikt

I dette tilfellet kunne eg ikkje dy meg for å setja inn Peter Halldorf som eit eksempel på ansiktet for håp, bare fordi han hadde så fint ansiktsuttrykk på dette biletet. Peter Halldorf er forfattar og teolog og ein usedvanleg klok mann. Han hadde mykje å dela med oss som var på Korsveifestival. På desse festivalane har dei den fine tradisjonen at den som har delt tankane sine på føremiddagen set seg under det store treet i hagen ein times tid slik at dei som har lyst til å vita meir, stilla spørsmål eller samtala om innhaldet kan gjera det. For konstant nyssgjerrige menneske som meg, så er det eitt av høgdepunkta på festivalane.

Det som gjer at eg likar meg så godt på Korsveifestival er at det er så mange innfallsvinklar inn til levd liv, til det å tru, til det å engasjera seg i samfunnet og til det å vera eit medmenneske. I Korsveibevegelsen har eg opplevd den gode kjensla av å bare kunna lena meg mot det som foregår, mot menneska og mot kreativiteten og teologien. Eg må innrømma at av og til når avisene skriv om «kristenfolket» som rasar mot det eine eller det andre så har eg litt problem med å identifisera meg med den skisserte gruppa. Korsveifolket derimot, ikkje noko problem, der står eg planta med begge føter samtidig.
Det er nå 24 år sidan me var på vår første korsveifestival. Nokre av dei menneska me møter der har vore med heile tida, og nokre av dei ser me bare annankvart år. Det gir eit fint og rart og litt konfronterande møte med livet at alle er litt, men ikkje veldig forandra for kvar gong me ser dei. 24 år er ei stund… Det gjer meg glad og litt rørt å observera livet på denne måten.
For meg er det ein bonus at me alltid har vore der i lag med gode venner, ein del av dei bur langt borte, og då er det ekstra fint å få desse opplevingane saman. I år var det 1800 menneske saman på Dyrsku-plassen i Seljord, men sidan teltplassen er ordna i tun der menneska på kvart tun har felles langbord og dagleg har til samarbeidsprosjekt å laga eit ganske avansert middagsmåltid på grill og bål, så blir det intimt og nært samtidig som det er stort.

Her er eit bilete frå paneldebatten på folkemøtet. Ein av deltakarane inviterte til eit arrangement som skal foregå i mange byar 30. august, klimabrølet. Folk skal då samla seg framfor rådhusa og brøla for å få dei folkevalde til å innsjå at det er på tide med endringar med det same i håp om å unngå klimakatastrofa som stadig fleire tenkjer på med stigande uro. Hermed er du som les invitert til å vera med og brøla dersom det er eit slikt arrangement i nærleiken av der du bur.

Og her er eit litt uskarpt bilete frå kveldsmessa der forrettande liturg Carl Petter spelar sjølvlaga folkemusikkliturgi på klarinetten ståande barbeint i den kvite sanden rundt altaret.

Temaet for festivalen, «Håpet har et ansikt» gjekk igjen som overordna tema i alt som skjedde desse fem dagane festivalen varte. Dette er bare eit lite utsnitt av mine eigne opplevingar. Eg ser ikkje vekk frå at andre kunne ha skrive veldig annleis om det dei hadde opplevd. Store deler av dagen skjer det veldig mykje paral lelt, så ein er nøydt til å velja kva ein sjølv vil få med seg. Det aller viktigaste er at eg faktisk kjenner meg inspirert og oppmuntra til å våga å bera eit ansikt av håp med meg ut i livet, og det var det eg hadde håpa på…
Her marsjerer barn og vaksne inn til «Folkefesten» siste kvelden. Stort sett var veret fint, men siste kvelden og under nedrigginga på sundag fekk me og smaka på den typen høljeregn som dei av og til byr på i Telemark. Ein gong regna det nesten heile tida, då introduserte Tore Thomassen festivelfolket som «totusen gærninger i et gjørmehav». Det høyrest jo nesten litt eksotisk ut.

Heilt til slutt vil eg ta med eit bilete som ein kommentar til at noko av det eg synest korsveifestivalane verkeleg lukkast med er å ta med barn og tenåringar og laga opplegg som er på ein slik måte at mykje av programmet kan barn og vaksne oppleva saman. Barna i manesjen er med som skodespelarar i ei fortsetjingsforteljing skriven av Tore Thommasen der barna tek avstand frå den vaksne kjedelege måten å fortelja livet på. Samtidig blir dei forsøkt forført og knebla av ein mindre velmeinande forteljar Mørk som meiner at viss dei forstår kva unike sjansar dei har, og vil spela på hans lag, så kan dei koma til å få forsyna seg godt av ein ryggsekk med pengar som han ber på ryggen.
Det får bli med dette. Eg har mykje meir å dela frå den store «Korsveiforteljinga», men det får kanskje koma etterkvart. Nå har me trådd inn i neste kapittel av sommaren 2019 og opererer som kattepassarar i ei lånt leiligheit på Tøyen. Fortsetjinga kjem truleg etterkvart.
Heidi
Oi, det må eg få retta!