Sommar i Oslo
Me er så heldige at me får låna leiligheita til Sunniva og Trygve for å passa kattane medan dei er på ferie. Det er ei utmerka løysing for alle partar, og ikkje minst for oss. Me vart tekne i mot med varm linsesuppe som varma godt for oss som var litt våte og kalde etter nedrigging i pøsregn i Seljord og ein biltur med straumsparemodus. Me var så heldige at me fekk eit døgn i lag med husfolket før dei reiste til ferieland grytidleg i går morges.
Sommaren kom over oss for fullt i går, og me kan nyta dei finaste sommardagane me har hatt i år. Eg trur at viss eg kom til Oslo eller til og med til Oslo for første gongen så ville eg tenkja at det var veldig fint her med masse grøne lunger, benker og fortauskafear.
rrem nor nor
I går vart me inviterte til middag hos Eva Mari og Henrik som hadde besøk av barna og barnebarna sine. Det er så kjekt å vera i lag med dei alle saman, og kjekt å møta dei små som veks like fort som barn pleier å gjera. Me fekk servert kald kokt laks med rømme, saltkokte poteter, agurksalat og rømme og jordbær og fløte til dessert. Skikkeleg god sommarmat i varmen med andre ord. Etterpå var det kaffi på verandaen medan kvelden sakte kveldna mot natt.
I dag tok me ferge ut til Langøyene for å dra på badetur i lag med Arild, Hege og dei tre barna. Det var kjempekoseleg, og eg lar meg imponera over at ein kan dra ut til øyene i Oslofjorden og bada som ein del av trikkebilletten eller fleirreisekortet. Det vart det første sjøbadet for meg i år, og eg syng som Lillebjørn Nilsen i ein song om ein annan badeplass i Oslofjorden. «Det er tyve graders vann på katten, i all fall er det sikkert mer enn atten…» Eg forstår at han har rett i at sommar i Oslo slett ikkje er så verst. Vel tilbake i byen åt me middag i lag mad Halvard på ein liten indisk restaurant. Så har eg sitte i på ein benk på eit gatehjørne og lese ei bok før det var på tide å gå til leiligheita for å mata kattane, setja på ein vaskemaskin og vaska saltvatnet ut av håret. I morgon spår dei ein ny varm sommardag, slikt er eg veldig svolten på og kan ikkje få nok.
Heidi