Ved skulestart

Så er skuleferien ugjenkalleleg over. Me vaksne har vore på jobb i mest ei veke allereie, og gjort oss så klare som me har kunna bli til å ta i mot elevane våre på måndag.
Som all erfaring alt hadde kviskra meg i øyret: Det var fint å møta kollegene igjen, det var interessant å førebu seg gjennom diskusjonar, foredrag og praktisk arbeid, og det var fort gjort å gløyma den lange sommaren og den store fridomen. Då eg sykla heim frå jobb etter den første planleggingsdagen var det mest som om eg ikkje lenger hugsa anna enn regulerte og disiplinerte dagar med jobb og andre faste gjeremål. Som alltid så skjelv eg litt for det store ansvaret det er å skulla ta i mot alle barna med eit ope og varmt hjarte og med med armane fulle av læreplanar. Me er blitt minna om kor viktig jobb me har, og at forskning viser kor stor betydning det har for eit barn å kjenna seg sett, likt og respektert av læraren sin. Heldigvis har eg aldri slitt med å bli glad i elevane mine, det som kan kjennast overveldande er at dei er så mange og at me har så få armar, auge og øyrer når me skal vera der for dei. I tillegg så er det alt det som det er krav om at me skal tilretteleggja for dei slik at dei skal kunna læra.

Sjølv synest eg stort sett at alt eg prøver å formidla og tilretteleggja for elevane er kjempeinteressant, men av og til ser eg det frå deira side og tenkjer at for nokre av dei er dette nesten som om eg sjølv etter ein streng timeplan kvar dag skulle ta leksjonar i astrofysikk, kinesisk, motorlære, avansert kjemi og arabisk. Så skulle eg bruka ettermiddagen på å prøva å læra alt om forskjellane på ulike bilmerke medan eg grudde meg til at det i morgon vart forventa at eg skulle springa 60-meteren på ti blank for å klara livsmeistringsmerket…

Heldigvis er det slik at dei fleste barn og vaksne liker å læra nye ting. Og heldigvis er det slik at skule er uendeleg mykje meir enn å bli tvangsmata med kunnskap ein ikkje har bedt om å få servert…
Skulen er ein arena for å vera levande og i utvikling. For dei fleste barn er skulen ein stad der ein får venner, utvikler sosiale ferdigheiter, opplever fellesskap med andre, er omgitte av interesserte og omsorgsfulle vaksne, og lærer å meistra seg sjølv og livet. Ikkje først og fremst for å bli gagns menneske i ei framtid som vaksne, men like mykje for å leva gode liv her og nå. Barndomen har stor eigenverdi, og er ein del av livet dei alle skal bera med seg resten av tida si. Det veit alle me som har vore barn.
Som det står i Bryne- skule- songen som alltid blir sungen ved flaggstonga første skuledag «Her ska me gå på skule i sju lange, gode år, mens regnet pøse og mens solå skine», «her ska me læra møje om å leva», «ja når me æ litt leie oss og når alt æ heilt topp, når livet smile og når me må streva» «For her på Bryne skule her liga me oss godt, her trivest me her æ det godt å vera, her ska me synga, lega, dansa og teina møje flott, her ska me leva ska me veksa og læra».
Måtte det vera godt å vera barn på skulen vår, og måtte me vaksne klara å stå i alt det boblande, levande, utfordrande, uforutsigbare og alltoppslukande på ein god måte.

Heidi