Luke 18-2019

Biletet over er teke litt før klokka ti i dag. Lyset i desse mørkaste dagane er fint og spesielt.
Haustsemesteret går mot ein ende, og både me og elevane ser fram mot juleferien. Dei som har jobba i skulen veit at første del av julefeiringa finn stad i klasseroma og korridorane med lystenning, juleverkstad, julesongar, julemusikk, forestillingar og mørke morgonar, glitter i håret og under skoa, brannblemmer etter limpistolen, lukt av julebakst og lyden av stadig meir oppgira ungar i gangane.
I dag starta eg skuledagen med adventlys og musikk før me gjekk over på kunsthistorie, stjernenatt, maling og van Gogh. Det er ikkje feil å sitja og mala med solgult og koboltblått til lyden av julemusikk medan det framleis er mørkt ute.
Litt seinare serverte kantinegruppa rykande varm kyllingsuppe med chili og nybakt kake. Det småregna ute då eg hadde den siste vakta, men ikkje nok til å bli gjennomvåt. Å ha vakt på det området der sjuandeklassingane held til er heilt annleis enn å ha vakt på områda med dei minste barna. Det blir meir samtalar enn trøysting og politiarbeid, og det er sjølvsagt ei viss trøyst i akkurat det.
Etter jobb møtte eg Monica og drakk ein kopp kaffi på kafe, eg fekk send nesten all juleposten, og i kveld har eg kost meg med litt ferdigstilling av heimelaga julegavar og litt baking. Eg hadde funne ei oppskrift på honningkaker som såg så god ut, men eg var vel eigentleg litt skuffa over resultatet, eg såg for meg ei sprø overflate og ei honningmjuk innside, men det vart ikkje heilt slik. Nå skal eg pynta peparkakene og laga ein porsjon krumkaker, og så trur eg kanskje det blir med det. I morgon er den siste skuledagen min sidan eg jobbar heime om fredagane. Nå gjeld det å landa førjulstida i skulen på ein god måte.

Heidi