Luke 19-2019

Eg har fått juleferie! Det kjennest nesten ikkje verkeleg. Adventstida har gått så fort, og siden eg jobbar heime på fredagar, så hoppar eg av karusellen ein dag før alle andre. Nå heiter neste kapittel førjul og jul i heimen.
Dei siste vekene har det kreative hatt stor plass i sjuande klasse. I dag har eg hatt tre timar med korsstingsbroderi og strikking, to timar med skapande skriving og innimellom dette kåringa av vinnarteikningane i den veldig lokale teiknekonkurransen om å laga den finaste teikninga med tema berekraft laga på ein felles mal med sirklar i ulik storleik og nokre linjer. Eg er imponert over kor kreative elevar me har.
Etter å ha ønska ungane god jul ein dag på forskot var det samling i aulaen med smørbrød, gode ord frå rektor, Julekveldsvise og Deilig er jorden.
Halvard er komen heim på juleferie og Sunniva kjem i morgon kveld. I dag var det spontan samling heime i stova med julegeiter frå butikken, ost og kaffi. Barnebarnet hadde eg ikkje sett på over ei veke, så det var fantastisk å få ein prat med henne. Då me var på badet for eit lite stell sa ho plutseleg: «Dar æ ett troll i speilet?»? «Et mommortroll!» Så gjekk ho rett over på songen om trollemor og trollefar og lille Olle Bolle før ho sa at morfar godt kunne vera trollefar. Eg får velja å ta det som eit komplement.
Det er koseleg at Halvard spelar Chopin i stova igjen, og det vart koseleg å baka dei årlege krumkakene. Denne gongen hadde eg til og med eit kremmarhus i tre å kveila dei varme kakene rundt. Likevel kan eg konstatera at dei tradisjonen tru er litt rare og skakke med ulike nyansar i brunfargen. Dette gir meg forsåvidt ei ikkje heilt realistisk kjensle av å vera ei ung og ikkje heilt ferdigutvikla husmor…
Nokre har spurt meg kor den nye boka vår kan kjøpast. Svaret er : Heime hos oss, på bokhandelen i Storgata på Bryne og på Time bibliotek. Etterkvart blir ho sannsynlegvis å få kjøpt litt fleire stadar og. Om bøket som skal sendast rekk fram til jul er vel usikker, men dersom adressen ikkje er for langt unna, kan det tenkjast jo kan leverast på døra om me har ærend i den leia.
Nå skal eg nyta kjensla av å deaktivera morgonalarmen min. Slikt kan me lika 🤩
Heidi