Luke 21-2019

Noko av det mest fantastiske med å ha ferie er at vekkjarklokka ikkje ringer om morgonen. Det er òg koseleg å stå opp og ha dei to yngste på plass i huset.
Etter å ha drukke morgonkaffi heime hos barnebarnet hadde eg og Sunniva ein handlerunde nede på Bryne. Under besøkjet i matbutikken fekk eg for første gong i år den der følelsen frå Vidar Sandbeck sin sang om at «Nå er det himmel og jord om å gjøra med påsken og pinsen og jula for døra… “ Det var veldig mykje folk med ganske så fulle handlevogner og lang kø framfor kassa-apparata. Eg klarte ikkje få bestemt meg for kva eg skulle handla inn til middag for dei første par dagane og lurte på om eg eigentleg burde starta storhandelen før julehelga med det same… Så leita eg lenge etter delfiafeitt fordi eg hadde lova Halvard å laga risbollar. Då eg fann ei eg kunne spørja, fekk eg vita at dei var heilt utselde. Me prøvde to butikkar til, men det ser ikkje ut til å vera delfiafeitt å oppdriva på Bryne. Litt komisk i grunnen kva behov som plutseleg rammar lokalbefolkninga… Eg fekk kjøpt med meg ein liter kremfløte slik at eg kan koma til å vera blant dei priviligerte når alle skal laga riskrem på tysdag…
Noko av det koselegaste som skjedde i dag var at me slo fylgje med Ingrid og Oddvar til Vik det me drakk kaffi og åt heimebakte julekaker og havrekjeks med ost. Veslejenta var heilt gira av å ha alle fire besteforeldra i same stova på same tida.
Her i stova er det framleis ikkje julepynta, men det kjem. Nå gjeld det bare å halda akslene på plass, så blir det jul i år og. Me er heilt i rute etter eige skjema, verken meir eller mindre. Nå gjeld det bare å balansera alle sine ynskje, forventningar og behov mot eigne forventningar og tankar om korleis alt er òg helst bør vera. I morgon er me mange som skal bruka dagen på å ha det fint i lag. Me er heldige som har fått sjansen til det.
Det blir kanskje eit merkeleg malapropos, men i dag har eg lyst til å slutta med eit par setningar frå Martin Lönnebo sin tekst for dagen. » I mørket utgjer sjølv eit lite lys ein stor forskjell.» La oss ha tru på dei små lysa me er i stand til å halda tende.

Heidi