Gå til innhald

Romjul

desember 30, 2019

Som det grådige mennesket eg er, så skulle eg gjerne hatt jul og romjul i minst ei veke til. Det er noko eige med desse dagane når roa kjem dalande etter intenst travle veker i førekant av julehøgtida.

Bilete over er frå koseleg romjulsselskap i går hos Torhild og Per Magne. Elles må eg innrømma at eg har brukt komisk mykje tid på å sitja i sofaen eller godstolen med lett forhøya adrenalin-nivå og sett på hurtigsjakk og lynsjakk. Det komiske består stort sett i at eg aldri har spelt eit parti sjakk i heile mitt liv og framleis er usikker på korleis brikkene skal flyttast… All ære til pila og TV-sporten som klarer å få slike som meg til å sitja trollbundne på trass av totalt manglande sjåar-kvalifikasjonar…

Sjølv om eg har hatt bortebuande barn i snart femten år, så opplever eg det framleis vemodig og trist når vaksne barn returnerer frå ferie i heimen. Sunniva reiste for to dagar sidan og Halvard i dag. Eg må innrømma at eg kjenner ei slags sorg senka seg når dei lukker ytterdøra bak seg og har reist. Eg får trøysta meg med at det hadde vore verre dersom eg grudde meg til å få dei heim. Det har vore så fint å ha dei her i jula. Sjølvsagt er det òg ei uvurderleg trøyst at halvparten av «barneflokken» inkludert barnebarnet bur sånn omtrent i nabolaget.

Dette er bøker som eg har lese i jula eller snart skal lesa. Boka til Kristine Hovda gjorde sterkt inntrykk på meg. Den trur eg at eg må skriva eit eige innlegg om ein dag. Nå er eg eit par kapittel inne i Jonas Gardell sin biografibaserte roman om mor si. Det er gode greier det og.

I kveld har me hatt koseleg besøk av den syriske leigebuaren vår Muhab. I tillegg fekk me sett siste del av filmen «Two popes», som me begynte på i gårkveld. Eg anbefalar den og.

Nyt siste dagen av året, alle saman.

😊 Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: