Gå til innhald

Nytt år

januar 3, 2020

Etter å ha hatt ein veldig fin juleferie og hatt ei veldig triveleg nyårsfeiring hos Arne og Hilde, har eg nå landa i kvardagane mine att. Det er jo der eg bur… Det kjennest heilt greitt, eller i alle fall nesten heilt greitt at nå er festen over, og å gli inn i den sunnare livsstilen med sunn mat, lange turar og jobbing. Eg må likevel innrømma at eg held fast på jul i stova litt til, med eit i overkant pynta juletre som har begynt å henga litt med greinene, og med julekrybbe, englar og mange levande lys. Ein kan godt seia at det er sentimentale grunnar til at det er slik, men det er då heilt i orden…

I dag hadde eg den første skrivefredagen i det nye året, og det hadde eg gleda meg til. Eg brukte først litt av morgonen på å nesten lesa ut Jonas Gardell si bok til ære for mor hans: «Til minne om en betingelsesløs kjærlighet». Boka handlar om ei fargerik og særprega mor som alt for tidleg forsvinn inn i ein forvirra tilstand av demens. Eg er veldig glad i Gardell ein måte å skriva på, naturleg nok med mykje humor, men og med endå meir varme. Det er ei bok av det slaget det er vanskeleg å leggja frå seg.

Eg hadde tenkt å skriva med eitt auge på fjernsynet der dei sende gravferda til Ari Behn, men eg må innrømma at eg vart sitjande å sjå på mest heile sendinga med begge auge og hjarte og forstand i staden for å skriva. Det var ei sterk oppleving. Spesielt sterkt var det å sjå dottera Maud halda tale og mellom dei fine og såre orda til far sin verkeleg trygla ukjende menneske som hadde det vanskeleg om å søkja hjelp og ikkje gje seg over til mørket.

Det å få så mykje fokus på lyset i mørket gjer inntrykk, og det gjer inntrykk å sjå folk søkja mot kvarandre i vanskelege situasjonar. Kari Veiteberg sine ord om lyset i mørket var og gode å ta med seg. Av og til er det tydeleg at det menneske mest av alt treng er andre menneske å stø seg mot og det å klara å sjå lyset i mørket. Eg tenkjer at det er håp for verda. Me er ikkje bare styrde av marknadskrefter og begjær etter å eiga meir og framheva oss sjølve. Livet handlar om noko som er mykje viktigare. Eg har ein draum om at me skal vera flinke til å sjå kvarandre og støtta kvarandre og i situasjonar der me ikkje står med kniven mot strupen eller er tvungne i kne av mørke tankar og krefter.

Martin Lönnebo har ein fantastisk tekst om eit bilete som heng i ei finsk kyrkje der to gutar ber ein såra engel på båre mellom seg.

Han skriv om engelen, det gode og vernlause vesenet alle menneske har som ein del av sitt indre menneske. Han skriv om korleis me alle djupast sett er såra englar som lengtar etter å bli sette og møtte bak alle forsvarsverk. Utfordringa han gir er å våga å sjå den såra engelen i andre menneske, men og i oss sjølve. Engelen kan og stå som eit symbol på alt som er godt i skaparverket, men som me i vår uforstand har klart å såra og skada. Det er framleis håp om at englen kjem seg på føtene att.

Martin Lönnebo kjem og med ei utfordring som kanskje ikkje er heilt politisk korrekt. I blikket på den bakerste guten står det skrive: «Var det du som skada engelen?» Lönnebo meiner me ikkje er heile menneske før me vågar å svara oss sjølve og andre: «Ja, det var meg. Dette har eg del i». For min eigen del trur eg han har rett. Me må våga å møta både det gode og det destruktive i oss sjølve og i andre.

Sidan eg har skrive så utførleg om alt anna enn skriving denne skrivedagen, så kan jo ein lesar lura på om eg i det heile teket har skrive noko i dag. Heldigvis kan eg svara ja. Det fine med denne delen av jobben min er at eg kan fleksa med timar og minutt og jobba heile ettermiddagen og kvelden om eg vil 🙂 Mest kvar dag etter at eg gav ut den siste boka har eg fått veldig hjartevarmande meldingar på mail og sms eller heilt direkte om at folk les det eg skriv og set pris på det. Dette opplever eg som utruleg oppmuntrande, og eg får verkeleg lyst til «å bli forfattar når eg blir stor»…

Det hender at eg skriv på den gammaldagse måten med penn på papir når eg skriv. Ein sånn dag vart det i dag. Av og til kjenner eg at pennen er nærare hjartet og magekjensla enn det tastaturet er. Det utfordrande og spennande med å skriva er at eg må prøva å fanga orda før klisjeane fargar dei eller et dei opp. Det hender eg klarer det, men ikkje alltid, og siste fallet må eg prøva å språkvaska etterpå.

Skal eg by på noko halvferdig i dag, mon tru… Eg skal kikka gjennom notata mine. Om du lurer på kva biletet over har å gjera med dagens tekst, så er det eit bilete frå nyårsdagen då me måtte tilkalla litt hjelp til å avslutta julefeiringa og godsakane som høyrde med. Sidan eg ikkje fekk delt med så mange av dei som les dette, så kan eg i alle fall by på eit bilete frå bordet mitt. Her liker eg å samla venner og familie.

Så skal me sjå… Kanskje eg kan by på dette:

Eg lener meg mot tillit,
eg legg kinnet mitt mot tida,
vil våga vera levande,
vil høyra, sjå og strida.
Eg vil vandra midt i håpet
eg vil leva, vera, kjenna
eg trur at kjærleik varer,
og aldri skal han enda.

Eg lener meg mot dagen,
la dei koma alle tankar,
eg lener meg mot lyset
der eit skaparhjarte bankar.
Sjå i kjærleiken til livet
skal me handla skal me vera
For di er jorda Herre,
di er vona, makta æra.

Eg kjem nok til å forandra på det, skriva meir eller kanskje rett og slett forkasta det etterkvart. Slik er det å skriva: Ein spennande form for skattejakt og ein utfordrande variant av å leggja puslespel.

God helg, alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: