Gå til innhald

8.januar

januar 8, 2020

Jula er boren ut, og me er trygt på plass i kvardagane. Nå ventar jærsk midtvinter med korte dagar og truleg med mykje vind og regn. Det er tida for mange levande lys, lange kveldar og gode menneskemøte.

På sundag feira alle i familien som var i nokonlunde nærleik, far sin åttiårsdag med pizza, kaker, lefser og åtti direkteborne nysteikte potetkaker frå Vats. Åttiåringen kan nok styra seg for det gjeldande talet, men er elles sprek og oppegåande og omtrent som han har vore alltid. At tida går så fort som ho gjer får i beste fall mana oss til å setja pris på dette merkelege og sårbare livet vårt som på ein merkeleg måte ser ut til å auka takten etterkvart som åra rasar forbi.

Det er faktisk nesten ok å koma seg opp når vekkerklokka ringer. Kjem ein så langt som til etappen med havregraut, kaffi og høgtlesing frå Martin Lönnebo med lys inne og bekmørke ute så er alt såre vel.

Likevel har det skjedd små daglege hendingar som viser at morgonane rett og slett er litt for tidlege for sånne som meg, sjølv om ånden er villig og vilja er god, slik det nesten står i skrifta. I går hadde Leif sett ut sykkelen min då han henta sin, så eg fekk ikkje med meg autopilotetappen der eg trillar han ut, etter å ha fyllt alt eg skal ha med meg i sidetaskene. Om det var det ørvesle sidesteget frå rutina som gjorde det skal vera usagt… Eg fylde taskene til topps, hoppa på sykkelen og trilla den vesle bakken frå gardsromet til gata. Då eg begynte å trø bråstoppa sykkelen og eg vart kasta framover. I det eg datt kom eg på at eg hadde gløymt å ta opp støtta. Det vart melding til jobben om at eg måtte ordna opp i det å ha slått hol på buksekneet og få plastra albue og kne før eg kunne koma. Det passa godt at eg hadde kontortid og undervisningsfri første økta. Eg fekk og øvd meg på sykling med styret i ein annan vinkel enn hjulet. Eg hadde ikkje tid nok til å få til å retta det opp.

I dag kom eg nesten heilt til jobb før eg fekk forklaringa på korfor det var så ekstra mørkt i dagmorges og korfor dei eg møtte i ekstra stor grad var som skuggar denne småyrande januarmorgonen. Eg forstod og korfor det trekte sånn i auga og mascaraen rann. Eg hadde rett og slett gløymt å ta på meg brillene….

Dei som kjenner meg veit at eg er relativt hjelpelaus utan briller, så gode råd vart dyre. Heldigvis hadde min helt av ein ektemann ikkje reist på jobb endå, så eg fekk brillene på plass slik at eg var klar når det ringde inn. Hadde eg ikkje hatt eit langt samliv med meg sjølv, ville kanskje desse hendingane bekymra meg. Nå føyer dei seg inn i ei lang rekke med liknande mønster.

Det er ikkje bare lett å gå i sjuande klasse og skulla fordøya inntrykka frå ein stor verden. Me har allereie snakka lenge om dette med sjølvmord og det å våga å snakka med nokon når livet er ekstra vanskeleg. I går var 22.juli tema på Supernytt. Me som er vaksne gløymer lett kor små desse nye nesten-tenåringane var då dette hende, og dei hadde mange spørsmål til både det dei høyrde og det dei visste frå før. I tillegg er mange av dei opptekne av Trump og midtausten, av trugsmål, likvidering og bombing. Nokre av dei hadde fått med seg hashtaggen «World war 3» og var rett og slett redde.

Det er jo ikkje sånn at me vaksne heller synest at sånn er kjekt i det heile tatt, men ungane manglar det filteret og den erfaringa som ligg i å ha observert diverse politiske spelebrett før. I tillegg engstar mange av dei seg for klimakrisa. Ungar treng rett og slett at trygge vaksne lyttar til dei og snakkar med dei og hjelper dei å få eit nokonlunde optimistisk og trygt syn på livet og framtida. Eg hugsar sjølv kor skummelt det var å vera på same alder og oppdaga den kalde krigen og våpenarsenala i verda. Eg opplevde og korleis me rett og slett kunne bli vettskremde av vaksne som prøvde å forklara oss korleis ting låg an. Her gjeld det å vera kloke vaksne. Det vart ein ekstra runde med avklaringar då sivilforsvaret, eller kven dei nå er, testa alarmen sin klokka tolv i dag.

Likevel har me mest av alt relativt rolege dagar i klasseromet. Onsdag er favorittmorgonen min med kunsthistorie og maling medan det langsamt lysnar utanfor rutene.

Ha ein god januar alle saman. Pust inn tålmod og ro.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: