Gå til innhald

Tiande januar

januar 10, 2020

I dag var det nydeleg januarsol ute, me forstod at me måtte koma oss ut medan det var lyst og fint. Me kjørde opp til Sælandskogen og gjekk ein tur derifrå. Snølaus vinter kan vera fint det og. Det var eit tynt islag der det var vått, og landskapet var halmgult og mosegrønt.


.
I sommar skal me gå langt om alt blir som me håpar. Eg fekk interrailbillett til jul, og planen er å kjøra tog til Porto i Portugal og gå til Santiago de Compostella der i frå. Dette er ein tur eg er veldig spent på. Eg er glad i å gå, men veldig sporty og atletisk må eg bare glatt innrømma at eg aldri har vore. Eg har alltid tenkt at det måtte vera fint å oppleva ei pilegrimsvandring, så eg får bare håpa at dette kan inspirera meg til å gå ekstra mykje for å få litt trening… Elles så er jo ikkje dette eit prosjekt nokon kan tvinga meg eller oss til å gjennomføra, så me får ta det som det kjem og som det lagar seg…

Biletet over et frå Ogna kyrkje der eg var i går kveld for å lesa opp frå den nye boka mi. Olav og Malena som var vertskap for kvelden er ivrige pilgrimsentusiastar, så der fekk me og litt gode råd og inspirasjon. Me kjenner ganske mange som har vore på pilgrimsferd, felles for dei aller fleste er at eg reknar dei for å vera ein del sprekare enn meg, men ein får ta nokre av dei utfordringane som dukkar opp langs vegen… God helg, alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: