Gå til innhald

Merkelege dagar

mars 12, 2020

Som ein del av rulleringa av opplegg i sjuande klasse, har eg ei gruppe som har Edvard Munch-prosjekt på onsdagsmorgonar. Eg kunne ikkje hjelpa for at eg syntest bilete som «skrik» og «syk pike» passa betre inn i situasjonen enn nokon sinne… Eg vågar å by på eit potpourri av kunstverk i skapingsprosessen.

Det har vore ei rar veke, og eg har gått gjennom dei fasene ein psykolog på radioen skildra som normale: Først tenkja at nå må me ikkje bli hysteriske, så føla behov for å sperra seg inne ein stad utan smittefare, blanda med ein lettare hypokonderisk varheit for om ein kanskje sjølv kunne ha eit symptom eller to…

Nå var eg heilt klar for å applaudera stenging av skular og barnehagar og leggja til sides alt organisert liv. Det er heilt surrealistisk at dette skjer, og det følest rett. Etter ei veke der elevar går ut og inn av karantene og dagar der me har prøvd å praktisera handvask-rutinar som gjer at elevane har stått i kø i nesten eitt kvarter i begynnelsen av kvar time for å få vaska hendene etter oppskrifta, så har eg og fleire følt på ansvaret med å fjuska i smittevernsbransjen. Nå blir det nettundervisning.

Eg er heilt med på tanken at dette er ein stor nasjonal dugnad for å beskytta kvarandre så godt me kan, og eg håpar me kan klara dette på ein god måte. Eg håpar og at alle som er redde og føler seg aleine har nettverk som gjer at dei har nokon å lena seg i mot.

I kveld tenner eg lys for håp og kraft og mot. Det er litt rart å skulla ta vare på kvarandre på ein måte som inneber minimal grad av sosialt samver og lite klemmar og varme handtrykk. Me skal kanskje rett og slett vera takknemlege for sosiale media og for at me kan ta ikkje-smittande telefonsamtalar når me treng å snakka saman.

Kjære dugnadsdeltakarar: Dette skal me klara å koma gjennom. Eg håpar me saman klarer å finna ein kvilepuls som kan gjera oss sterke, og eg håpar me vaksne klarer å trygga alle skulebarn slik at unntakstilstanden blir til å bera.

Eg ynskjer alle som les dette fred over unntakstida.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: