Gå til innhald

Fredag den 13.

mars 13, 2020

Dagane er rare. I dag har me laga opplegg for fjernundervisning av elevane våre. Det blir ei ny erfaring for alle partar. Det blir eit interessant prosjekt.

Me har vore barnevakt for ei lita solstråle av eit menneske. Ho sette seg i vogna og eg og ho gjekk ut i verda. Ein nydeleg vårdag var det, sol og blå himmel, slike har me ikkje for mange av her. Det blåste kald vind, men vårblomane lyste i beda.

Helst ville vesle jenta funne «enn legeplass», men eg var usikker på om leikeplassar var forsvarlege akkurat nå. Ho kom med ein plan B:»Gå i skogen då, mommor?» Det var eit betre forslag, men først hadde me nokre ærend nede i sentrum. Ein gut i skulealder stod ved eit vindauge og tok spensthopp. Han var kledd i treningstøy. Etter nokre sekund kom eg til å tenkja på at det nok var ein fjernundervisningselev i ferd med dagens gymøkt. Eg vart nesten i litt godt humør av å sjå på… Det er nok ei merkeleg og surrealistisk oppleving for elevane å plutseleg ha skule heime, kanskje heilt aleine i huset. Ein del av dei kjenner seg nok litt aleine. Eg håpar alle elevar som nå er isolerte med skulen heime har eit kontaktnett med gode vaksne og gode venner dei kan kommunisera med i løpet av dagane.

Sjølv ville eg følt meg litt aleine, til og med som vaksen, om eg budde for meg sjølv akkurat nå og var henvist til mitt eige selskap. Eg er av det slaget som er glad for at eg deler huset med mann og katt…

Nede i sentrum var det nesten litt spøkelsesaktig tomt i det fine vårveret. I garnbutikken spurde eg om det framleis var lov å leita etter garn i hyllene. Det var det. Fleire strikkande damer var det inne og kjøpte garn til store genserar. Den eine hadde nettopp lært seg kunsten og skulle for første gong prøva seg med to fargar. Sjølv kjøpte eg garn og seksten kvite knappar til to baby jakker og to bukser.

I daglegvarebutikken vaska folk hendene i antibac og handlevognhandtaka vart vaska mellom kundane. To bekymra damer diskuterte at det første dei skulle gjera når dei kom heim var å vaska hendene.

Mens veslegull var på sykkeltur med morfar fekk eg sett meg ned og jobba med fjernundervisningsopplegg. Fredag er jo frilansardagen min, men sidan det var litt alternative opplegg som skulle lagast måtte eg finna tid til det.

På ettermiddagen vart det kaffi på bordet og familie i sofaen. Nå ligg gullungen og søv. Ho startar nok dagen grytidleg i morgin, men det gjer ikkje noko for me skal jo ingenting.

Det er rart kor fort me venner oss til nye situasjonar. For ei veke sidan ville alle avlysningane av sosialt samver og kulturarrangement virka uttenkjelege, nå er det slik det er. Det å ha langt betre tid enn vanleg kan kanskje utfordra oss kreativt og menneskeleg. Det som er positivt er at både eg og andre plutseleg kjenner mykje sterkare enn vanleg kva som er det viktige i livet og kva som djupast sett er bagatellmessig.

Eg ynskjer alle kraft og mot nok til å bu i desse dagane med pågangsmot og eit ope sinn. Nå er me på dugnad.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: