Gå til innhald

Sein laurdagskveld

mars 15, 2020


La oss gjera det igjen

Det var den gongen det var sommar, den gongen for lenge sidan
då me framleis ikkje ante
kor livet skulle ta oss hen,
og var opne for det meste
fordi sola strauk oss så varmt over ryggtavla
medan me telte dagar og velsigningar
og framleis bada i håp.
Kom la oss gjera det igjen.

*

Inspirert av historiar og filmsnuttar av italienarar som står på balkongane sine og spelar på ulike instrument eller syng for å dela livsglede og håp med andre, så deler eg eit dikt frå den siste diktsamlinga mi. Eg såg at Sindre Eide i den same inspirasjonen stilde seg opp utanfor huset og spelte trompet. Det skulle eg og ha gjort om eg kunne spela trompet, klarinett eller saksofon, det gjer eg ikkje, så eit dikt får duga…

Eg høyrde og at italienske skulebarn laga plakatar med fine teikningar på og med teksten :»Dette skal gå bra», sjølvsagt på italiensk om nokon skulle lura. Det er og eit tiltak heilt etter mitt hjarte.

Det er verkeleg rart kor fort ein heilt surrealistisk situasjon blir nesten normal. Sjølv om eg er ein person som har stor tru på optimisme og tillit til både gode krefter og gode menneske, så har eg samtidig fantasi nok til at ein del av meg er ein katastrofetenkjer. Eg har meir enn ofte nok sett for meg ulike scenario me kan koma ut for. Nå seier eg til meg sjølv at det faktisk ikkje er tredje verdenskrig som er i gang. Det har ikkje gått av ei atombombe, ingen atomkraftverk har gått i lufta, og me har framleis ikkje kome til eit punkt der naturen har klappa heilt saman og ikkje lenger kan gje oss mat og vatn. Denne utfordringa står me saman om å møta, og nå skal me gjera det me kan for at det skal gå så godt som mogleg.

Avtaleboka mi er full av avtalar det ikkje blir noko av. Det skal bli spennande å sjå kva eg skal gjera i staden. Eg ser at livet blir temmeleg ulikt for den som er aleinemor til fire barn og skal ha heimekontor, hjelpa skulebarn og ta seg av barnehagebarn, den som er aleine og jobbar i sektorar som blir lagt heilt ned nå, og dei som er gamle og sjuke og nesten ikkje kan våga å få besøk eller gå på besøk til dei dei er glade i. Eg håpar me blir flinke til å finna gode løysingar for å hjelpa kvarandre. Akkurat som å sjå italienarar som spelar trompet eller syng ariar frå balkongen, så varmar det hjartet mitt at eg ser folk skriva på facebook at dei kan handla for folk som er i karantene eller hjelpa til med andre praktiske gjeremål.

Eg høyrde nokon forklara ordet høgtid som høg tid, tid som er annleis enn anna tid som stikk opp over kvardagane og er dagar ein kjem til å hugsa alltid. Slike dagar skal ein stella fint med fordi ein alltid skal bera dei med seg. Det ville vera heilt feil å kalla desse dagane for høgtid, men kanskje dei er høg tid? Eg hugsar dei bilfrie sundagane på 70-talet som fine fordi dei var annleis enn andre sundagar. Folk kunne ikkje setja seg i bilen og måtte gjera ting annleis. At dei hadde opphav i ei krise tenkte ikkje me ungar så mykje over. Eg håpar desse dagane og vekene som sikkert veldig mange av dei som er barn nå kjem til å hugsa for resten av sitt liv kan vera så gode og trygge som mogleg.

Me ser kor sårbart livet er, og at mykje me trudde for bare ei veke sidan ser annleis ut nå. Det har gått opp for meg at det er godt mogleg interrail-billettane me hadde tenkt å bruka i juni blir liggjande ubrukte. Det kan godt vera at planane om pilgrimsvandringa frå Porto til Santiago de Compostella må leggas til sides til seinare bruk. Merkeleg nok kjennest det heilt greitt, det er ikkje det viktigste i livet kjenner eg på. Eg må innrømma at eg håpar eg får besøk av dei vaksne barna mine i påskeferien, men det viktigste er likevel at alle held seg friske.

I dag hadde eg føremiddagen i lag med barnebarnet som nå forsiktig nærmar seg to og eit halvt år. Ho haldt ein fascinerande forestilling i stova der ho brukte det Jon Roar Bjørkvold kallar spontan barnesong og dikta små songar til melodiar ho kan frå før eller laga nye medan ho dreiv rolleleik med ein apekatt og ei dokke. Apekatten «datt» i golvet og ho sa strengt til dokka. «Nei, baby, Adam blir leie sæg når du dytte han!» Eg reknar med at den setningen kanskje var ein reproduksjon av ein beskjed frå småbarnsavdelinga i barnehagen der det nok kan tenkjast at både ho og andre har dytta litt…

Eg gler meg over å sjå at så små barn faktisk blir trente til å setja seg inn i andre sin situasjon og får hjelp til å oppøva empati. Den eigenskapen treng me alle. Nå får me støtta kvarandre og ikkje dytta… Eg ser at i denne situasjonen er det mange som irriterer seg over andre som hamstrar dopapir, reiser på hytta eller lar barna sine leika med andre barn. Det er heilt forståeleg at me reagerer ulikt på ting. Dette er jo ein situasjon ingen av oss er trente i å vita korleis me skal takla, og me veit ikkje alltid kva som er dei rette svara. Eg pleier å fortelja elevane mine at dei aldri må gløyma at me menneske er flokkdyr. Det er viktig at me veit det for det gjer oss både klokare og meir sårbare. Det er viktig at me veit at av og til handlar me meir som ein av flokken enn som eit individ som sjølv må finna vegen. Kanskje er det bra for oss at me kan oppdra kvarandre litt. Som me veit: «It takes a village to raise a child».

Akkurat nå er det sannare enn vanleg at vegen blir til mens me går han. La oss støtta oss på alle gode krefter og vera romslege med kvarandre.

Heidi


From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: