Gå til innhald

Håpet har eit ansikt

mars 15, 2020

Eg fekk så mange gilde tilbakemeldingar på blogginnlegget i går, så nå dristar eg meg til å stilla meg opp på balkongen med trompeten min, eg meiner orda mine i kveld og. Eg har lyst til å dela eit dikt til frå den siste diktsamlinga mi, «For humlene si skuld». Hovudtemaet i denne boka er håp, og det passar godt akkurat nå:

Håpet har eit ansikt

Ho vandrar rundt på stiane, på gatene og torga.
Ho set seg ned på benkane for å lytta.

Ho seier at ho håpar
at håpet har eit ansikt.
Veit ho at det kan vera hennar eige?

***

Me er framleis ikkje heilt vane med denne måten å leva på, så me famlar oss litt fram. Me ser på ein måte alt med barneauge fordi det er nytt for oss. Den første utanomvanlege tingen eg gjorde i dag var å få med meg ein sundagsgudsteneste på nettet. Eg var digitalt invitert til å vera med på lukka dåpsgudsteneste i Bogafjell kirke. Sidan det er restriksjonar for kor mange ein kan samla i eitt lokale for tida vart gudstenesten streama til kyrkjelyden. Det var ei vakker oppleving. Eg merkar at alle ord om «håp og mot og kjærlighet fra Gud» akkurat nå treff meg på ein annan og meir levande måte enn før. Eg las og fleire prestar sine sundagstankar som låg ute på nettet.

Eg famlar meg litt fram med kor strengt reglar skal overhaldast. Eg har vore litt i tvil om eg kan våga å treffa mine spreke foreldre som begge er fødde det året krigen starta og som er unge til å vera foreldre til ein så vaksen person som meg. Eg vil jo ikkje vera medansvarleg for å spreia smitte, samtidig kjennest det merkeleg å ikkje kunna treffast. Eg hadde eigentleg bedt dei innom meg i dag, men gav kontrabeskjed sidan ein eg deler hus med hosta og naus i går kveld. Eg har lese at nysing er forkjølelsessymptom og ikkje eit Koronasymptom, og sidan han var frisk att i dag morges reknar eg ikkje med at me er innhenta i denne omgangen.

Eg høyrer og at ein del ikkje får treffa barnebarn i denne perioden. Her hadde det vore vanskeleg gjennomførbart. Mi vesle solstråle har me alltid fått låna mykje, og etter at ho budde her i lag med foreldra i eit halvt år fordi dei pussa opp huset har ho både stellebord og ein eigen leikekrok her hos oss. Sprinkelsenga, gyngehesten, leikekassen og barnestolen fast plassert i heimen, Sidan barn så vidt eg veit ikkje blir alvorleg sjuke har eg ikkje hatt skruplar med å ha henne på fanget heilt som vanleg. Det verste er vel at ho kanskje kunne smitta oss, men det har me teke sjansen på. Det einaste nye er eit handvaskregime som gjer at eg er heilt tørr og sprukken på fingertuppane. Det lever eg greitt med. Me blir utfordra på dette å setja grenser, i dag har eg både tenkt på Jonas Gardell si bok om å tørka tårer med hanskar og på Sigvart Dagsland sin tekst: «Kan me elska uden nagen hud?» Eg er ein klemmar av natur og klemmer vanlegvis bådembarna mine kvar gong eg ser dei, gode venner, foreldra mine og elevane mine. Nå har eg forstått at eg må læra meg nye triks som albue mot albue og sko mot sko, men toåringar må det vel vera lov til å gi ein heilt ekte klem? Alt anna ville virka uforståeleg for barnet, men ta gjerne til motmæle om du tenkjer at eg må skjerpa meg…

Kongen hadde tale der han kom med fine og oppmuntrande ord inn i ei vanskeleg tid. Han er flink til å vera der når mange treng at han er der, Einar Gerhardsen vart i si tid kalla landsfader. Eg synest kongen ofte opptrer med faderleg omsorg, humor og empatisk varme. I ei tid der mange er sjenerte for å nærma seg det religiøse, så synest eg det er ganske modig at han seier at folket er i bønnene hans og i tankane hans.

I kveld har eg sett filmen om Nicolai Astrup. For nokre fantastiske maleri han har laga med utgangspunkt i naturen i Jølster. Eg har lenge vore Astrup-fan. Nå er eg det endå meir.

Det er på tide å avrunda dagen som allereie har segla forbi midnatt. I morgon er det arbeidsdag, ein veldig spesiell ein. Elevane skal i staden for å sykla til skulen logga seg på ipadane sine og me skal vera der for dei ved våre eigne kjøkkenbord og arbeidspultar. Det blir ein ny erfaring for oss alle. Det er heilt umogleg å vita kor lang den perioden blir. Først tenkte eg to veker, men nå høyrest det ut som om det er store sjansar til at det blir forlenga. At eg skulle bli fjernundervisningslærar hadde eg aldri trudd sjølv for mindre enn ei veke sidan. Heldigvis har eg flotte og dyktige kolleger som har den digitale komfortsonen sin uendeleg langt utforbi min sådanne, så dette skal nok gå bra… Viss ikkje så får me bare finna ut av det.

Så får du som les dette halda fram med dugnadsjobben vår. Hald deg frisk og sunn, det håpar eg og på å gjera.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: