Så står me her
dav
Så står me her
Så står me her
saman og aleine
med dei sprikande liva våre
pakka tett rundt kroppen.
Står her med trass og håp,
med vrang og god vilje
og store haugar
av alt me ikkje makta
blanda med bunker av alt
som vart betre enn nokon kunne ha venta.
Står her med hendene fulle av liv og knuste skåler,
med krukker fulle av skår, og speglar fulle av sprekker.
Står her med sorga
over alt som skulle ha vore og takken for alt som vart.
Står her og er framleis i live,
skjelvande, sterke og redde,
framleis med håpet
som gulltrådar
i furene i handflatene våre.
Sjå i nåde til nervebanane i våre levde liv
til spora me tråkka opp
slik at dei ikkje blir andre til skade,
slik at det gode ting kan spira
også i furer av tap og tårer.
Me kviskrar forsiktig
i takt med vår eigen pust og puls:
Så får du ha takk, då Gud,
deg høyrer livet til.
Heidi