Som send til meg
I dag har eg den store gleda av nesten å kunna vera ein sånn balkongmusikar som eg har skrive om før denne veka. Akkurat då eg stod på kjøkkenet og tenkte på kva eg skulle leggja ut på bloggen i dag, så tikka det inn ei melding frå Hilde Svela. Ho kunne fortelja meg at ho akkurat var ferdig med ein tur i studio der ho hadde spelt inn denne songen som ho og eg laga saman for nokre år sidan. Kva kunne vel passa betre akkurat nå?
Eg synest at Hilde gjer dette så nydeleg, og eg er så glad for at eg fekk lov til å dela dette med dokker akkurat i dag. Som dei bibelkyndige vil skjøna ganske raskt, så er teksten sterkt inspirert av ord frå skrifta.
La dette vera ei helsing frå meg i dag.
Heidi
Kommenter innlegget