Det fekk bli to innlegg i kveld

Eg hadde meir eg hadde lyst til å dela i kveld, men eg ville la innlegget med songen til Hilde Svela få stå for seg sjølv utan så mykje utanomprat. Eg likte ha så godt, så han måtte få lov å få luft. I tilfelle nokon hadde lyst til å dela songen, så var det ikkje strengt nødvendig at det var hekta på masse prat om meg. Her kan eg og dela eit dikt som ikkje treng å konkurrera med songteksten. Eit lite og lågmælt dikt om håp:
***
Å lena seg mot den andre sin skugge
Å lena seg mot den andre sin skugge
for å ta av for fallet som kanskje kjem.
Eta suppe saman på små kafear
og ikkje frykta.
Medan livet langsamt opnar seg
mot alt me ikkje veit.
***
I meir enn to år har eg skrive dikt om håp. Eg tenkte ofte at eg skreiv dei for ein ukjend situasjon som me plutseleg ville vera midt oppe i. Kanskje eg skreiv dei for denne tida? Eg veit ikkje heilt, men eg kjenner det er fint å få lov til å dela.
Denne veka har vore så heilt utanom alt anna. Onsdag for ei veke sidan kjennest som uendeleg lang tid tilbake. I alle fall hadde ikkje eg fantasi til å sjå for meg stengde skular, tome bygater, avlyste arrangement, stengde grenser, forbod mot å reisa på hytteturar og lappar utanpå butikkar om at folk i karantene ikkje var ønska der inne. Eg visste ikkje at alt me hadde planlagd og skrive inn i avtalebøker eller på kalendaren på mobilen snart bare kunne strykast ut og gløymast. Det utenkjelege skjedde, og me begynner alt å bli vane med det.
Me menneske har som vane å krypa tett saman når det vonde skjer. Det paradoksale med denne situasjonen er at av alt me måtte føla for å gjera, så må me i alle fall ikkje finna på å krypa tett saman. Me er henviste til å vinka til kvarandre frå verandaen eller på internett. Eg høyrde dagens ansikt for dei Korona-smitta, Torbjørn Røe Isaksen fortelja at dersom han ikkje var blitt testa fordi han hadde venn som kunne ha smitta han, så hadde han på ingen måte forstått at han var sjuk. Han trudde bare at han hadde ein veldig mild forkjølelse.
Kven har ikkje ein veldig mild forkjølelse om me kjenner etter i halsen, og renn ikkje nasen litt når me er ute og går tur? Kanskje er me rett og slett ei tikkande korona-bombe som kan senda eldre slektingar direkte i respiratoren dersom me dristar oss til å møta dei? Eg vaskar c-vitaminboksen og peanøttposen mannen kjøpte på butikken med sterkt såpevatn, for ein med smitte på fingrane kan jo ha halde han i hendene, ombestemt seg, og sett han tilbake på plass. Eg tek meg sjølv i å vaska hendene etter å ha teke på rekkverket i min eigen heim eller opna mitt eige kjøleskap. Det liknar ikkje på meg i det heile tatt for å seia det slik…
Etter å ha sett på debatten i går har det teke meg sånn ca eit døgn å finna sinnsroa heilt tilbake. Dette er ikkje ei norsk krise, men ein global pandemi. Me er så heldige at me bur i eit land med sikkerheitsnett og pengar på bok. Me bur i eit land der alle får legehjelp, og der varmt vatn og såpe er eit sjølvsagt hjelpemiddel. I slummen i India og i flyktningeleirar rundt i verda er det slett ikkje sikkert at det i det heile tatt finst vatn nok til å få vaska hendene.
Me søkjer flokken vår når det vonde skjer. Eg ser kvar dag tåredryppande vakre ting folk gjer, eller tilbyr seg å gjera for å hjelpa andre. Det er sjelevarmande og gir meg håp. Eg vil helst krypa inn i ei boble av tryggleiksbehov og bli der. Me må likevel vera klare over at denne krisa rammar folk i enkelte andre land hardare enn ho rammar oss fordi me bur i eit land som langt på veg har råd til å byggja vernande murar kring oss alle.
Me har mange utfordringar. Det er lov å lena seg mot tilliten og håpet og tenkja at dette skal me koma oss heilskinna gjennom. Om ein skulle tenkja tanken at dette vanskelege kanskje ber med seg ei skuggeside av noko positivt og? Kanskje me blir minna om gammaldagse ord som solidaritet og nestekjærleik?
Måtte Gud gi oss varme hjarte så me vågar opna oss for medkjensla og modige auge så me vågar å sjå.
Og eg har sett noko fint i dag. Eit teikn på at våren er her nå, eller i alle fall er rett rundt svingen.

Heidi
Tusen takk for at du deler, Heidi ❤
Du er et godt, varmt, omtenksomt og raust menneske.
Ta vare på deg sjøl i desse tider.
Klem fra meg 🌼