Dit skal du gå
Dit skal du gå
Det finst alltid stadar
som pustar roleg
slik at fuglane kan høyrast,
stadar der sola teiknar skuggar som hemmelege teikn over bakken.
Det finst stadar som er stille nok til at du kan høyra tankane dine, hjarteslaga,
og alle dei store spørsmåla.
Det finst stadar som ikkje går vekk,
men som utolmodig strekkjer greiner
og sirlige nervetrådar mot jord og himmel.
Det finst tre med røter lange nok til å halda jorda fast, og med lange nok greiner til å løfta himmelen.
Det finst stadar du gløymer å hugsa at du veit om.
Dit skal du gå.
***
Me har alle stadar som det gjer oss ekstra godt å finna. For meg er det å koma ned til havet ei heilt spesiell oppleving. Der skjønar eg at eg sjølv er liten og der er ikkje den tanken skremmande eller svimlande slik eg kan oppleva det når eg står og ser på den uendelege stjernehimmelen. Nede ved havet, spesielt her på jærstrendene, ser eg på livspulsen i bølgjene som slår og slår. Eg kviler blikket mot horisonten uendeleg langt der ute ein stad og trekkjer inn lufta av saltvatn, tang og tare. Fuglane kviler på vinden, i flokkar og aleine, og ute i horisonten ser eg store skip. Eg liker å tenkja at dei går der fulle av håp sjølv om eg veit at dei er fulle av varer og cruiseturistar.
Det har alltid forundra meg at ikkje alle har den same dragninga mot strendene som meg, at nokon med langt større glede kavar seg opp på ein fjelltopp før dei går ned igjen, eller at dei kviler sjela på heilt andre måtar.
Det er lett å tru at alle liknar ein sjølv. Når eg har høyrt på programmet «Sånn er du» med Harald Eia og ein annan programleiar eg ikkje hugsar namnet på akkurat nå, så slår det meg kor utruleg mange variantar det finst av oss menneske. Me er på mange vis heilt ulikt skrudde saman sjølv om me er så like. Det betyr vel at me er laga for å få til ting i saman.
Eg har hatt ei høgst uvanleg arbeidsveke. Eg har hatt min debut som lærar i fjernundervisningsbransjen. Trass alle triste omstende har det vore veldig interessant og veldig kjekt. Då eg gjekk på skulen for ei relativt lang stund sidan ville det ikkje vore mogleg å organisera noko slikt. Nå kan me samarbeida og kommunisera heilt utan smittefare. Eg snakka inn ein liten fimsnutt til elevane mine i dag og sa at det me lever nå er historie og noko ingen norske skulebarn nokon sinne har opplevd før. Derfor måtte me prøva å dokumentera dette med skule heime og med denne situasjonen der dei ikkje fekk treffa kvarandre. Dei kunne skriva på kva måte dei ville, noveller, refleksjonar, dagboksnotat eller dikt og så prøvde eg å gi dei rettleiing undervegs. Det som gjekk igjen i nesten alle tekstane var at heimeskule i og for seg var greitt nok, men at dei lengta etter kvarandre, etter det å sitja i eit klasserom, ja dei lengta til og med etter å få vera i same rom som lærarane sine. Kort oppsummert, Dei lengta tilbake til kvardagen og «normaliteten».
Det er rart, men ganske beteiknande at når kvardagane blir tekne frå oss så saknar me dei. Så heldige me er som etter alt å dømma får kvardagane våre tilbake att. Me veit bare ikkje heilt kor lang tid det kjem til å ta.
I mellomtida så er me så heldige at me framleis kan bruka all den tida me treng til å vera ute i naturen og kjenna på at våren nærmar seg. Det gjeld å finna desse plassane som me ofte gløymer å hugsa at me veit om
Heidi
Dit skal du gå. Det var eit fint dikt, Heidi. Og ei god påminning 🙂