Gå til innhald

Kontrastane i eit liv

mars 20, 2020

Så vandrar me

Så vandrar me gjennom årstider og gudstider
Rolleinnehavarane i ei større forteljing.
Eg strekkjer hendene ut
Etter noko å halda fast i.
Heldige meg,
eg finn fram i dag og.

***

Dette har vore ein dag med store kontrastar. Ute er det den første varme fine vårdagen. I føremiddag sat eg i ei kyrkje og høyrde vakker solosong av Hilde Selvikvåg. Kyrkja var pynta med nydelege blomar og levande lys, og på annankvar benkerad stor det at her var det ikkje lov til å setja seg.

På fanget hadde eg ei lita jente som ikkje har blitt stor nok til å oppdaga før akkurat nå at døden eksisterer. Ho såg på biletet på det fine songarket me hadde fått og spurde om farmor kom snart. Ei sprudlande, varmhjarta flott dame hadde blitt henta ut av livet før ho fylde seksti. Det er eit år sidan ho fekk kreftiagnosen. I kyrkja var det ei vakker og høgtideleg stemning av sorg og takk og kjærleik. Ute skein vårsola for ei dame som elska sol meir enn dei fleste. Toåringen fekk leggja ei mørkerød rose på den kvite kista. Fred over minnet om eit flott menneske som skulle ha vore her mykje lenger.

I ettermiddag hadde me ein nydeleg tur langs stranda på Vik mot Orrestranda. Sola varma skikkeleg, lerka song over åkrane og vipene flaug lågt. Det var ein slik ettermiddag ein kan gå og drøyma om når vinteren er på det mørkaste og det suraste. I bilen heim høyrde me på radio, på den typen program som går heile dagen nå for tida og som me med eit samlande ord kunne kalla Koronanytt. I løpet av ei veke er verda snudd på hodet. Kven kunne trudd at det verkeleg er blitt slik i landet vårt at det blir opna for å få sona i fengsel dersom ein dreg til hytta i påsken? Og kven kunne trudd at mange av oss ville tenkja at det var ein god idé?

Eg er imponert over dei som styrer Norge i ei tid der kvar einaste dag forandrar litt på det biletet me har av kva slags verd me lever i. Eg lar meg imponera over dugnadsånda i folket og at me faktisk har klart å tilpassa oss på ein uverkeleg måte. Det vil visa seg korleis ting blir frå nå av, men det er masse hjartevarme og masse omsorg mellom oss. Me er heldige som bur i eit land med eit oljefond på sparebøssa, nok reint vatn og husrom til alle. Me må likevel hugsa at me er ein del av eit mykje større samfunn enn det norske, og at utfordringane langt i frå bare gjeld å få vårt eige land på føtene igjen etter dette.

Noko gjer meg likevel optimistisk: At me er så omstillingsdyktige, at dei aller fleste er villige til å ofra mykje for å ha eit samfunn der alle er trygge, og at når alt kjem til alt så innser me at mykje er viktigare enn den dyre ferieturen me kanskje aldri får reist på. I ei verd der klimakrisa truer er dette ei viktig erfaring. Så mange har sagt at det ikkje nytter å tru at det går an å forandra folk. Det me opplever nå beviser at mykje er mogleg.

I dag har eg lyst til å avslutta med nokre linjer som eg har lånt av Halvdan Sivertsen:
«Vi e sterk og kan ta ka som helst når det kreves,
Vi har sola, og snart e det sommar…»

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: