Gå til innhald

Krig og fred og kvardagar

mars 21, 2020

Om krig og fred og kvardagar

Om krig og fred
og kvardagar
er det mykje å seia,
og mykje meir å tenkja.
Alle historiene,
alle dei blinde vala våre,
dei modige og dei redde,
lagar linjer
til portretta i ansikta våre.
Medan verda tikkar vidare
med høglydte pistolskot
og hamrande hjarteslag
ser me på kvarandre
og seier på det ordlause språket
at nå er det på tide,
nå må me stoppa opp litt,
men når det kjem til orda,
kremtar me usikkert
og slit med å finna att stemmen
nå når me verkeleg kunne ha trengt han.

***

Himmelen er høg og vårblå over Jæren i dag og. Det er laurdag og me lever i dette spennet at alt er normalt og alt er unormalt på same tida. Laurdagar er kanskje den dagen me er mest heime hos oss sjølve, så då gløymer me nesten litt at me lever i unntakstilstand. I alle fall når radioen ikkje står på. I dag gjekk dagen i eit lågare tempo enn eg eigentleg hadde tenkt meg. Det har vore ei veke med mykje nytt, så kanskje det er ein sunn reaksjon at eg liksom ikkje kom i gang med alt eg hadde tenkt å gjera i dag. Fleire utanlandske politikarar har brukt krigsmetaforar: «Landet er i krig! I krig mot Korona!» Eg er sjeleglad for at fienden er eit virus og at me ikkje har vore med på at stormaktene har barka saman med alle skumle våpen klare til angrep. Det at me har ein felles fiende som ikkje snakkar vårt våpenspråk, kan kanskje virka positivt på samarbeidet. I psykologien heiter det jo at lite er så samlande som ein felles fiende. Det virkar som om politikarane her i landet samarbeider godt om den nasjonale krigføringa og at nordmenn flest er klare for dugnad. Me får vera glade for at me bur i eit land som snakkar meir om dugnad enn om krig.

Sjølv har eg ligge lågt i terrenget med krigføring i dag. Eg har snakka mykje i telefonen og markert dagen for markering av Downs syndrom med ulik farge på sokkane, sjølv om det ikkje var mange som var i posisjon til å sjå sokkane mine i dag. Nå markerer eg verdens poesidag med å leggja ut eit sjølvskrive dikt…

I dag morges oppdaga eg at reportasjen i Stavanger Aftenblad der dei brukte tekstar elevane hadde skrive var på trykk i dag.

Elevane har skrive tekstar om korleis dei opplever den situasjonen dei er i nå, og litt av bakgrunnen for å senda dei til avisa var at me meiner det er viktig å få autentiske rapportar frå barn om korleis dette blir opplevd frå perspektivet til ein 12-13 åring. Det er sjølvsagt og veldig kjekt for elevane å oppleva at det dei skriv kan brukast til noko «ekte». Takk til Stavanger Aftenblad for godt samarbeid. 🙂

Etter å ha godt ein god tur i det fine veret var me innom butikken for å handla litt til helga. Me kom på at me mangla sukker. Det viste seg at dei ikkje hadde igjen sukker i butikken. Er det ei hamstre-vare? Det var då ein merkeleg ting å hamstra. Butikker med tome hyller fortel oss og noko om ein sårbar situasjon. Kor sjølvberga er me eigentleg her i landet? Heldigvis er me blitt forsikra om at varer har me meir enn nok av. Sjølv har eg lite anlegg for hamstring, så eg trur ikkje eg skal hiva meg på den bølgja. Nå skal eg gå og laga meg fiskesuppe til middag, og så blir det frikveld med fjernsyn og strikking. Eg rekk nok i morgon det eg ikkje rakk i dag. God laurdagskveld og god sundag, alle gilde folk der ute.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: