Gå til innhald

Vinden skal synga stille songar om håp

april 6, 2020

VINDEN SKAL SYNGA STILLE SONGAR OM HÅP

Vinden skal synga
stille songar om håp,
om liv og vennlege dagar,
om mjuke hender og god vilje
for dei som har øyrer å høyra med.

Me skal bu, modige, redde og tvilande i omsorgen som alltid skal bera,
bera oss stille langs med,
bera oss over og gjennom.

Me skal gjera vårt beste, forma fingrar og hender
til gløymde speidarhelsingar, gå ut i alt det nye og farlege
i skjelvande triumf,
og med redde og modige steg

Ikkje prøva å passa inn
i andre sine skoavtrykk
langs strender og joggeløyper, bare i blind tillit
finna løypa som er lagt ut for oss,

og trøysta, trøysta mitt folk.

Heilt til kveldsklokka ringer
frå eit tårn me ikkje heilt har visst om, mjukare og heilt annleis,

skal me la oss bera skal me bera oss sjølve og kvarandre.

***

I ettermiddag har eg og Sunniva vore og gått tur på stranda i sterk vind frå sør. Sunnavinden var som alltid mykje mildere enn nordavinden, men i dag var han usedvanleg krass i styrken. Vind frå søraust betyr frålandsvind, og det gjer at havoverflata får ein annan struktur enn når det bles frå nord og vest. Bølgjene slår innover i møte med kraftig motvind og det gjer havet kvitt, frådande og sprutande.

Lerkesongen kunne så vidt skjelnast i ulinga frå vinden, og måkar og tjeld segla sidelengs på utspende venger. I år har eg sett meir vipe enn på lenge, det gir framtidshåp, fleire somrar har eg vore nesten bekymra for at ho skal forsvinna for eg har sett så lite til ho, men i år har eg sett vipeflokkar, nesten slik som før. I tillegg gjer det godt å sjå at livskraftige løvetenner sprengjer seg fram i det bleikgrøne graset frå i fjor.

Då me snudde og gjekk heim fekk me sterk motvind og sanden piska oss i ansiktet. Eg er overbevist om at det er helsebringende å vera ute i motvind av og til. Det gjer godt å la vinden riva og provosera litt og tankane har godt av litt gjennomblåsing. Sunniva og eg stryk sandkorna ut av det lange håret og fortel kvarandre at dette var ein herleg tur. Me lurer litt på om ein kanskje helst bør vera fødd her på Jæren for å heilt sjå sjarmen med det.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: