Å kjempa med kjærleik og humor

Kallet til å kjempa
Me snur oss bakover og forstår
at me framleis er kalla
til tiggarskåler og narredrakter
til å synga solsongen
saman med Bror Frans.
Me eig ingenting som me ikkje har fått,
og står her med kallet til å kjempa
med kjærleik og humor,
med vilje og mot,
med alt som er vårt
og med alt me manglar.
***
Ordet «kall» er kanskje ikkje lenger eit politisk korrekt ord å bruka?
Mange synest kanskje at det er eit litt trongt og belasta ord med røter i trongsyn og mørkemannstenkjing… Nå har eg viss kome til å bruka det ordet likevel…
Sjølv er eg glad i ordet kall. Det har for meg ein tone av det å ha ein plass der ein høyrer heime i livet. Noko som er viktigare enn min eigen nasetipp.
Noko å tru på, ei meining med det heile, det at mi puslespelbrikke har ein plass som ventar slik at eg kan bidra til at det store biletet blir lagt.
Eg trur faktisk på begrepet kall i aller smalaste forstand. Eg trur at nokon på merkeleg og mysteriøst vis får sjå vegen opna seg og bare vita heilt sikkert kor dei skal gå hen med seg sjølv, evnene sine og livet sitt. Eg trur og at ein plutseleg kan kjenna på eit kall til å endra kursen til noko ein ikkje har visst om og aldri hadde trudd ein skulle få lyst til å gjera.
Meir enn noko trur eg på kallet til å vera medmenneske. Til det å våga å visa varme og omtanke, til det å sjå det fine og gode i andre menneske, til det å våga å bli glad i.
I diktet har eg formulert eit kall til å kjempa med varme og humor, med vilje og mot, med alt me har fått og med det me manglar men kanskje lengtar etter å ha.
Ingen er supermenneske og ingen er perfekte. Ingen maktar å hjelpa alle,
men alle kan strekkja handa ut mot nokon. Martin Lönnebo formulerer det så fint: Gjør det lille du kan, mer kan du ikke gjøre. Mindre bør du heller aldri slå deg til ro med å gjøre.
Heidi