Gå til innhald

Skjærtorsdagsdikt

april 8, 2020

Skjærtorsdag I

Måltidet blant vener
underleg framand,
raknande sviktande.
Annleis enn alt
me til nå hadde vore med på.
Stille løfta du kalken,
saman dyppa me brødet-

Då orda dine
let tida frysa til is
reiser ein av oss seg
og går.

Men nå,
bortom tid og rom
og alt som bind oss,
rekk du fram begeret på ny
og ber meg drikka.

*
Skjærtorsdag II

Så dekka eg bord
for alle eg møtte.
Ho som alltid song på bussen,
han med alle pengane,
barnet med såpeboblene,
han med sår i begge hendene
og ho med den tome barnevogna.
Duken var blå som ein himmel,
og druene sprengde mot skalet sitt.
Grovbrødet skar me
tjukt og generøst
med heimekokt eplesyltetøy til.
Te og Mariekjeks,
hankelause krus
og Kongelig Dansk Porselen.
Sukkerskåla frå Fretex
med avskalla gullkant.
Stolar hadde eg som ved eit under
meir enn nok av

*

For femten år sidan,- eg måtte leita meg tilbake for å finna årstalet, og let meg oppriktig overraska over kor lang tid som har gått, hadde eg påskeutstilling på Fotland mølle i lag med Inger Bakke Berge. Ho stilde ut tekstilar, og eg hadde skrive dikt. Utstillinga hadde me gitt namnet «Gjennom mørke til lys». Kvar dag hadde me musikalske gjester, og kvar dag les me tekstar og spelte piano. Eg hugsar det som ei fin oppleving med tende stearinlys, nysteikte lappar med syltetøy og godt besøk.

Dei to skjærtorsdagsdikta er skrivne til utstillinga, og i dag tok eg dei fram igjen for å sjå om dei framleis var noko eg hadde lyst til å bruka. Det var dei, så hermed er dei relanserte. Eg hadde og lyst til å visa litt av det fine Inger stilde ut, så nå håpar eg at mobilbilete av heftet vårt kan yta det eit visst minstemål av rettferd. God skjærtorsdag alle saman. Normalt ville eg gått til skjærtorsdagsgudsteneste i kyrkja i morgon. Denne påska får kyrkja koma til oss gjennom digitale media, fjernsyn og radio.

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: