Gå til innhald

Namnet mitt er menneske

april 9, 2020

NAMNET MITT ER MENNESKE

Skjærtorsdag med alle luktene,
med lam og brød og vin.
Han vaskar føtene mine,
tankelaust dyppar eg brødet i fatet saman med han.
Eg høyrer orda hans
og kjenner blodet frysa til is før eg reiser meg og går.
Eg sovnar i Getsemane, og skammar meg
når eg møter blikket hans.
Eg kysser han til helsing
før eg ser han segna under krossen.
Eg kastar sølvmyntane ut på jorda
og bannar på at eg aldri før har sett den mannen.
Eg høyrer hanen gala for andre gongen.
Eg møter han i hagen
før eg får stikka peikefingeren min inn i såret i sida.
Med matt blikk
ser eg meg sjølv i spegelen
og veit at namnet mitt er menneske.

***

På veggen har eg eit bilete av Bjørn Bjørneboe. Det er i svart-kvitt og viser ein tornekrona Kristus. Tittelen er «Mea culpa maxima», mi store skuld.

Då eg skreiv påskediktet over, hadde eg ei oppleving av å kjenna meg igjen som menneske i alle ledd i påskehistoriene. Eg er den som i overmot lovar, den som finn seg sjølv i situasjonar eg aldri hadde tenkt meg inn i, den som dypper i fatet saman med nokon utan å ha reflektert over kva det inneber, og den som høyrer hanen gala for andre gongen. Det låg ei smerte i å skriva linjene i diktet, for nokre av dei ville eg helst nekta for å kunna kjenna meg att i.

***

Dette skuleåret har eg faktisk brukt ordet korona ganske ofte utan å ana kor aktuelt det skulle bli. I KRLE-faget har me jobba med kunst knytta opp til den kristne julefeiringa, Jesu liv og nå kunst knytta opp til kristen påske. Eg har då ofte vist bilete der heilage personar har glorie om hovudet, eller korona, som det og blir kalla har eg sagt. Me har sett at i nokre kunst-uttrykk har Jesus ein korona der me kan skjelna korset, og at den som skal tolka biletet då kan vita at det er Jesus. Lite visste eg før jul at dette skulle bli korona-året og korona-påsken.

Og påske har det då blitt i heimen sjølv om han er annleis enn andre påskefeiringer me har vore vane med. Men godt er det å vakna til luktene av nykokt kaffi og nybakt brød, og det er fantastisk å ha ein påskegjest. Eg hadde aldri forestilt meg at eg skulle kjenna på snev av dårleg samvit for å ha dotter mi på besøk, men eg veit jo at det er ein luksus mange har vald å ikkje unna seg i år. Det å vera menneske er endå meir komplisert enn det vanlegvis er, men me vasker våre hender som var me inspirerte av Pilatus, og handspriten er aldri langt vekke den heller.

I dag har me vore på ein relativt lang tur frå Holmavatn til Steinkjerringa og Synesvarden. Me var langt i frå dei einaste som hadde den idéen i dag, men det gjekk greitt å ta små pauser ved stadar der ein fekk folk i mot oss når me gjekk på planker eller stein i myrete landskap eller skulle over gjerdeklyvarar. Terrenget litt som eit månelandskap nå tidleg på våren. Vidder og myrer med halmgult strådekke og masse grå stein. Det er vakkert på ein litt gold måte. Nå har me tenkt å støtta det lokale næringslivet ved å henta heim middag frå den indiske restauranten. Det gler me oss til.

Heidi

page83image115843904
page83image115844288

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: