Gå til innhald

Langfredag

april 10, 2020

Pasjon

Kald vind
mot einsleg gråtande aprilhimmel
og lengtande, framleis frostgule marker.

Bleikt bøygde
snøklokke-andleg
i skjelvande skam mot den mørke jorda.

Verda i taus langfredagsliding.

Vinden nemner eit svik.

*

Von

Bøygd i blåsten
og spebygd forfrosen
står ho stolt og mjuk
den kvite bjørka.

Høg-gravid i lilla venteklede
gjev ho oss frysande
von om oppstode denne påsken og.

*

Oppstode

Jorda let seg kyssa
av halvfrosen vårsol
grønt vitande
at verda igjen
skal få føda gleda.

Nokon
må likevel
ha elska sterkare.

*

Dikta over er frå den aller første diktsamlinga mi som kom ut på Luther forlag det året eg fylde 24 år. Det å lesa gamle tekstar får meg til å tenkja at på mange måtar er me oss sjølve ganske like gjennom livet. Det er ikkje heilt utenkjeleg at eg kunne skrive noko liknande nå 35 år seinare. Ofte tenkjer eg at me har lett for å tru at alderen er det som gjer oss menneske mest like kvarandre og som gjer at me har viktige ting til felles. Det er mi erfaring at ein godt kan bli venner med menneske som er både 30 år eldre og 30 år yngre enn det me sjølve er.

Påske er ei spesiell høgtid for meg. Derfor har eg skrive mange påsketekstar gjennom mange år. For meg er det mysteriet som kanskje fascinerer mest og det at påskeforteljingane er så detaljerte at det er lett å kjenna igjen det menneskelege i det heile. At menneskehjarte og mennesketankar liknar på kvarandre sjølv om det er stor geografisk avstand og ein tidsavstand på 2000 år. Eg veit at menneske som trur på kristendomen ville uttrykkja seg ganske ulikt om dei skulle seia kva påske betyr for dei. For meg betyr det kanskje aller mest å tru at livet og kjærleiken har seira over døden og at kan få lov å tru at livskreftene er sterkare enn dødskreftene.

For eit kvarter sende eg påskegjesten ut døra for siste gong i denne omgangen. Far hennar er akkurat nå i ferd med å kjøra henne til flyplassen. Eg saknar henne allereie og eg er veldig takknemleg for at det ordna seg slik at me fekk ei veke i lag.

Elles har eg fått med meg ei fin langfredgsgudsteneste frå Tromsø via fjernsynet og hatt ein veldig fin dag etterpå. I går hadde me quiz i lag med Sunniva. Vennegjengen hadde ordna det slik at venneflokken stilde med familielag og spelte frå kvar sine heimar. Dei som ikkje hadde mor eller far i nærleiken kunne stilla med dei på ipaden. Eg er imponert over kreativiteten. Nå skal eg snart ut på ei høgst privat lita langfredagsvandring, for i dag har eg så langt ikkje kome stort lenger enn til sofaen.

Alt godt til dokker som les. Ta godt vare på kvarandre og vask hendene 🙂

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: