Gå til innhald

Påskeaften

april 11, 2020

For all salt lengt

For havet som ligg her
med skvalpande tankar og krefter,
havet som løftar og ber oss,
for brottsjø og strie straumar,
for all salt lengt
som set seg fast i hals og svelg
og fyller tankane med tårer,

for måkane som skrik for oss alle,
og snipene som framleis spring
med takt og håp over strender med rotnande tang,
for tåkelurane som flerrer lufta og dagen
i små biter
til tonane frå levd liv
og songen frå liv som skal koma,
for alt dette held me oss oppreiste.

Visst er det vårt dette livet,
visst er det her me har vassa og vore.
Me lukkar auga
og let livet byssa og bera
med taktfaste bølgjeslag
og kokande brenningar.
Visst finst styrken og tolmodet.

***

Dei hadde meld regn, regn og meir regn i dag, likevel ville me ut på tur. Veret vart betre enn forventa og bare ein kler seg så er det heilt greitt å gå i regn og. Me hadde gildt selskap og med kaffi og sjokolade i sekken starta me på Ogna camping på Brusand. Me gjekk grusvegen sørover og tok ei sløyfe via Ogna stasjon og så ned til stien langs marehalmen ytterst mot havgapet.
Kvitveisen blømde og trea blir grønare og grønare. Havet ligg der og dunkar med sin eigen beroligande puls. Så heldige me er her i landet som er frie til å gå der me vil ute sjølv om det er unntakstider. Eg les om mange byar å land der det er porforbod bortsett frå når det gjeld å gå ut og handla mat.
Det hadde verkeleg vore ein heilt annan situasjon enn vår.

På påskeaften har eg ofte vore på midnattsgudsteneste i Time-kyrkja. Ein gudsteneste som begynner med mørke før presten kjem inn med orda «Han er sanneleg oppstanden,» Alle sit med utende stearinlys og gjer eld til kvarandre etter orda om oppstode, og til slutt er kyrkja opplyst med levande lys og tende altarlys. Heilt til slutt går alle ut på kyrkjegarden med lyset sitt, og om vinden er oss vennleg forblir lysa tende medan alle stiller seg i ring og syng «Deg være ære, Herre over dødens makt». Det er ein vakker skikk med fin symbolikk.

I dag vart påsken ringt inn med kyrkjeklokker klokka fem, og kvar dag i påsken blir markert med små digitale høgtidshelsingar frå kyrkja og fin song og musikk av lokale utøvarar.

Nå har me opplevd ein månad og ei påskehøgtid få såg koma då det nye året ringde inn. Det har langsomt gått opp for oss at dette året kan fortsetja å vera heilt utanom det vanlege. Det blir spennande å sjå kor fort ting normaliserer seg og korleis tida framover blir. Me er så utruleg heldige som bur i akkurat dette landet, eg håpar me ikkje blir oss sjølve fullstendig nok i ei krevjande tid der krisa er stor her hos oss, men uendeleg mykje større i store deler av verda.

Gud hjelpe alle som er einsame og redde. Måtte me få modige hjarte og klare tankar slik at me kan ta godt vare på kvarandre.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: