Gå til innhald

Påskedag

april 12, 2020


Det vart oppstode i år og.
I natt sigra kjærleiken over døden.
Frå mørklagde stengde kyrkjer høyrdest ropa:
Kristus er sanneleg oppstanden.
Det song i trompetar og klarinettar
frå balkongar og gardsrom,
mannskor ljoma gjennom kablar og nettverk,
nokon spelte trekkspel på eit folketomt fortau,
og livskreftene svingde seg
på digitale konsertar med og utan kyrkjeorgel.
Det dunka i havet sine hjarteslag,
det vart kviskra av humlene som kravla fram
frå fjorgammalt halmfarga gras frå i fjor,
at håpet er fødd,
at livet lever,
at det kjem til å snu,
kjem til å gå over.
Eg såg glimt av påskehåp
i blikket til dei som kjempa,
og i dei som tok på masker og munnbind,
og reiste ut for å arbeida, lindra og trøysta.
Livskreftene dansar som nyfødde lam
over markene,
og sprengjer seg trassig fram
som løvetanngule soler gjennom grusen.
Me gøymer påske-egg av papp bak sofaputene
og set gule blomar på bordet.
Me dekkjer usynlege kuverter for alle ikkje får lov til å treffa.
Me kastar håpet som små ballar av lys mellom oss.
Så opnar hendene til handling,
medan me gret og syng halleluja.

***

Eg oppsummerer dagen med litt spontanlyrikk. Alt kan endrast og skrivast om, men det var slik eg spontant fanga ord og tankar akkurat nå. Visst feirer me påske, og visst er våren komen sjølv om vinden var rimeleg kald i dag.

Det er visse songar eg må ha med for å få skikkeleg høgtidsfølelse. På første påskedag er «Påskemorgen, slukker sorgen», eit must. Det er påske frå barndomen, songen me lærte dei første åra på barneskulen. Eg ser for meg frøken «Gerd Signy», den gongen heilt nyutdanna lærar, men det visste jo ikkje me, som stod framme i klasseromet og song. Eg hugsar og at bestemor song songen for meg. Påskemorgensongen var like viktig for påsken som varm kakao og som vattkulene me malte gule og klistra auge, nebb og fjører på på skulen kvart år før påske. Kvart einaste år kjende eg på at eg heller ville laga min eigen «påskekjydling» som EG hadde laga og ikkje bare etterlikna det nokon hadde bestemt som om me jobba på ein fabrikk. Eg trur eg fekk mast meg til å mala kulene i ein annan farge eit år, men til og med eg innsåg at resultatet ikkje vart spesielt vellukka.

Til andre høgtider høyrer andre songer. Det blir ikkje skikkeleg jul før eg har felt ei tåre ein plass i andre verset av avsynging av «Deilig er jorden», og på 17.mai må eg både høyra og synga «Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma», ein song som med sine smålåtne ordbilete appellerer mykje meir til meg enn «Ja, vi elsker».

Men i dag var det påske, og eg fekk både «Påskemorgen» og andre påskesongar med. TV-gudstenester kan kombinerast med både kyrkjekaffi og litt forsiktig strikking av babyjakkar, sjølv om eg har mistanke om at min gamle farfar ikkje ville hatt spesielt sansen for strikking på den mest heilage av alle heilagdagar. Tidene forandrar seg, og noko står fast, slik får det vera.

Me var fem rundt middagsbordet og tre generasjonar damer hadde pynta seg med kjole i anledning dagen. Det vart gammaldags sundagsmiddag med kjøttkaker og ertestuing til middag, leiting etter påske-egg og varm eplekake med krem til dessert. Ein tur ut vart det og tid til. Så priviligerte me er som tross restriksjonar har sjansen til å leva så godt og så pass normalt. Ein dag til står att før påsken er over. Så blir det spennande å sjå korleis arbeidslivet vil arta seg med gradvis gjenopning av skulen. Det er heilt utanom alt me er vane med og derfor litt utrygt, men me får ta eit steg om gongen så finn me vel fram denne gongen og.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Anne Grete Hognestad permalink

    Takk, Heidi❤️

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: