Strikka bøner

I desse tidene som i beste fall har ekstra plass for ettertanke og andakt, kan det tenkjast at nokon kjem på tanken å fordjupa seg i litteratur om meditasjon, bøn og teknikkar for å gje sjela kvile og tankane venger. I dag kom eg på at det mangla eit kapittel i slike bøker som kanskje ingen har skrive, derfor tenkte eg at eg kanskje måtte skriva om det sjølv. Eg er heilt sikker på at mange fleire enn meg veit om at det går an å be med strikkepinnar. Det står bare veldig lite om det i handarbeidsbøker og strikkehefte…
Når det er sagt, så er eg ikkje i tvil om at dette er kjend territorium for mange av mine strikkande medsystrer og i beste fall brør. Ein av dei fine tinga med strikka bøner er at dei i likskap med lystenning ikkje treng å ha fylgje med velformulerte ord eller dogmatisk innsikt. Det er ein farbar veg for alle som er glad i nokon og som ynskjer å be for dei.
Her kjem teksten. Han er ny av halvtimen, så som eg ofte skriv, alt kan forandrast. Eg tek gjerne mot tips om ord eller setningar som ikkje fungerer som dei burde, og dersom nokon skulle kjenna på teologisk forarging over formuleringane mine, så lovar eg å ta i mot det og med eit ope sinn. Altså…
Nok prat… Her kjem teksten:
***
Strikka bøner
Strikkepinnane mine er pennar som skriv bønebøker,
dei løftar livet mot himmelen,
omgang for omgang som uendelege rosenkransar,
der maskar stille og utan store ord,
smyg seg inn og ut av andre maskar til ein større samanhang,
til det som kan varma og beskytta,
til det som kan lysa opp og gjera vakkert.
For barn som snart skal fødast
strikker eg velsignande rom og plass til å veksa,
medan fingrane og tankane er ei bøn
for alt som koma skal,
er ei ordlaus voggevise
og vernande tankar for alt som skal skje.
Eg hentar ned det himmelblå
og let det spela mot det solgule og det tålmodig mosegrøne.
Eg let djupet i det mørke
stø seg mot det kvite lyset,
og kjærleiksraudt kvila mot bleikrosa nakenheit,
legg inn trådar i leikande ertelystent oransje
for alt som kan gneistra og overraska
og i lilla for venting og for blømande lyng.
Eg strikkar plagg som skal varma ryggen din,
måtte han bli rak og ha krefter til å bera deg,
og set inn ermer
som skal gjera armane dine varme og trygge.
Eg lagar linningar som skal smyga seg omsorgsfullt rundt
halsen din og dei smale handledda
og legg inn fellingar med konsentrasjon og skarpt blikk
slik at det blir fint og rett.
Eg tel meg fram til aukingane
som utvider på finast mogleg vis.
Kvar gong noko raknar og blir gale
ber eg om tålmod og pågangsmot i kunsten å kunna retta opp,
kanskje til og med om vilje til å rekka opp og begynna på ny,
utan å sørgja over forspilt tid eller det som aldri vart.
Akslene mine, fingrane mine, bønene og fantasien
samlar seg i bøn for livet som skal koma,
centimeter for centimeter
og halvtime for halvtime
nærmar dei seg
tida då du treng dine første varme plagg.
Heidi
Jeg synes det var godt skrevet 👍Du fikk med deg mange fine tanker om livet ,verdagslige ting Ha en fin dag 🌞Linda G.S.
❤