Dei rette orda

AV APRIKOS OG LAKRIS
Orda skal fylla hjarta våre
og bu i munnane våre
dei skal bera med seg
ei kribling av noko større,
slag av sommarfuglvenger
den fjørlette kjensla av spindelvev,
lydane av barneføter på golvet,
varmen av barnekinn
pusten frå dei som gjekk frå oss.
Orda skal smaka av aprikos og lakris
av sommareple og rabarbra.
Rause skal me la dei bu mellom oss,
me skal kjenna dei att
og røra dei med ettertanke.
***
Det er ikkje bare, bare å fanga dei rette orda. Her på bloggen går det fint, her er det bare å plukka dei ned utan å tenkja seg om, for eg veit at her har eg slingringsmonn, låge aksler og rause lesarar.
Andre gonger er det verre. Eg har hatt ei utfordring om å laga ein salmetekst liggjande i bakhovudet ganske lenge. Eg hadde bestemt meg at eg måtte finna ut i helga om eg kunne få teksten til. Av og til kjem salmetekster heilt av seg sjølv, andre gonger må dei meislast fram. Det er fint å ha opplevd begge formene for produksjon. Eg har skrive linjer om og om igjen med kulepenn på papir og nesten skrive ut ei heil skrivebok. Nå nærmar det seg å bli omtrent det eg hadde tenkt, men eg er vel ikkje hundre prosent fornøgd endå. Me får sjå kva det blir til.
Eg har snakka før om ho på to og eit halvt som driv og erobrer språket. I dag snakka ho veldig om «då du og morfar var på Låseland». Eg fatta ingenting heilt til ho sa at ho hadde ringt, men eg kunne ikkje koma for eg var jo på Låseland. Då gjekk det opp for meg at det var ordet Jørpeland ho naturleg nok ikkje hugsa. Då me tok på utedressen vart det litt trangt i halsen og ho sa at ho ikkje likte «den hyllå». Etterkvart gjekk det opp for meg at hylla var halslinninga som på ein måte stakk litt ut som ei hylle på ein vegg, og då var det i grunnen eit ganske logisk ord.
I dag lurte eg på om «Jøhette og ulven»-besettelsen var gått litt langt då ho såg alvorleg på meg og sa: «Men mormor, du he så store aue!» Eg har forøvrig bestemt meg for at me må læra litt av toåringars pågangsmot.
I dag sette ho seg med eit relativt intrikrat strikketøy ho hadde funne i korga mi og sa «Mommor, kan æg læra å strikka litt». Eg må nok læra meg litt meir av den innstillinga når eg sit og prøver å få digitale og elektroniske hjelpemiddel til å fungera som tenlege verktøy. Den som verkeleg kunne frimodig tru det same som Pippi Langstrømpe: «Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg sikkert…»

Pågangsmot og fleksibilitet treng me alltid i lærarlivet, akkurat nå kanskje meir enn nokon gong. Eg arbeider på eit trinn som framleis har heimeundervisning, og me anar ikkje når dei skal tilbake. Det kan bli om ei veke, eller det kan bli lenger til. Vekene må sjølvsagt planleggjast heilt ulikt om det blir den eine eller den andre formen for undervisning, og når me kjem tilbake må opplegg, rom og timeplanar justerast ut i frå kohort-tankegangen. Ein del fag må gå ut, og me må fylgja elevane på litt andre måtar enn før, friminutta må organiserast heilt annleis, og me skal driva ansvarleg smittevern midt i det heile. Det blir sikkert fint, og går nok bra, men det er mange ukjende faktorar.
Så er det tid for utviklingssamtalar som skal foregå på nettet, me skal ha overføring til ungdomsskulen, og me skal prøva å avslutta skuleåret på ein fin og verdig måte som må bli heilt annleis enn dei rutinene me har for sjuande trinn på skulen. I tillegg skal me begynne å planleggja neste skuleår, noko som mellom anna inneber heilt nye læreplanar, og i fylgje ekspertane kan me vel ikkje vera heilt sikre på at me kan rekna med at det er eit heilt vanleg skuleår me startar med då heller. Kanskje blir det kohortar og smittevern fram til jul, men det veit me jo ikkje endå, og det er det vel heller ikkje nokon andre som gjer.
Me får satsa på at når fleksibiliteten har vist seg å bera oss uventa stødig fram til nå, så kjem resten av utfordringane til å gå bra og. Her gjeld det bare å halda blikket stødig på vegen framfor oss og ta eit steg om gongen.
Eg trøystar meg som så ofte før med Lina Sandell sin song om «Blott en dag ett ögonblick i sänder» og med Arne Garborg sine ord om at «Alt lagar seg bare ein ikkje kjem i ulage sjølv.» Det gjer det som oftast.

Og skulle eg verkeleg strødd om meg med sitat, så kunne eg jo smelt til med Karin Boye sitt dikt om knoppar og dropar. Det skal eg ikkje gjera, eg sluttar heller med eit fotografi som minner oss om kva årstid me er komne inn i. Då me stengde skulen ned hadde me nettopp hatt vinterferie…
Heidi