Å kunna gøyma seg for ulven
Rødhette må bli trygg nok
til å våga seg ut i store skogar
med meistringsglede
og ulvekompetanse
seinare i livet
når skogane blir større
og ulvane får lengre tenner
og djupare stemme
og ikkje lenger let seg lura
av eit ullteppe og fire sofaputer
i det trygge barnerommet.
*
Eg veit at eg har sagt det før, men eg klarer ikkje å la vera å bli fascinert av barnebarnet si bearbeiding av alt som er skummelt gjennom den nå lenge pågåande yndlingsleiken, «gøyma seg for ulven», med varianten «gøyma seg for trollet». Med skrekkblanda fryd gøymer ho kosedyra seg sjølv og gjerne dei vaksne som er til stades bak senger, under bord eller under teppe og puter. Smilet er stort når ulven eller trollet har gått forbi og me kan krypa fram og pusta letta ut. I går vart ho introdusert for eventyret om ulven og dei sju geitekillingane, ei forteljing som sjølvsagt traff midt i interessefeltet.
Martin Lönnebo har vel ikkje fagfeltet sitt først og fremst innan barnepsykologi, men han er ein svært klok mann og har samla seg mykje kompetanse når det gjeld menneske. Eg synest han har tankar verd å lytta til når det gjeld dette og:
«Det å stille de store spørsmålene er like naturlig som barnas lek. Det blir blant annet sagt at barn har formulert alle de eksistensielle spørsmålene før seksårsalder: om godheten, ondskapen, livet og døden, kjærligheten og hatet. I leken leker barnet seg fram til det å være menneske».
Videre skriv han om det å leita seg fram som menneske og når ein er vaksen. Han er spesielt oppteken av å bruka tilliten og spontaniteten vidare i livet for å vera open og våga å veksa i tru og visdom, men det er ein annan historie som ikkje høyrer heime her i dag. Det mest befriande med Lönnebo sine tankar er tankane hans om å høyra til i ein større samanheng og ikkje trenga å vera den som alltid skal vera så flink eller den har som mål å bli verdsmeister i det meste. På same måten som Per Fugelli set han fokus på at me er ein del av eit stort fellesskap der det å gjera det vesle ein kan er godt nok, for me skal ikkje leggja heile puslespelet aleine. Han seier rett nok med eit glimt i auget at mindre enn det skal ein heller ikkje gjera. Det som skil han frå Fugelli er at han har ei sterk tru på ein Gudsdimensjon.
I dag har eg redigert boka eg lagar saman med skriveelevane mine. Det er eit stort, men og interessant arbeid. Nå er eg snart i mål… Innimellom har eg og teke meg tid til å gå ein tur ute i det grøne mailandskapet med ei venninne. Nå trur eg det blir sofaen og strikkepinnar resten av kvelden.
Eg avsluttar med ein elevtekst i dag og. Kanskje det blir den siste i denne omgangen. Ute er det lyst og fint sjølv om klokka er halv ni. Eg er så glad i lyset i sommerhalvåret.

Heidi