Som om me aldri har vore borte

Mai månad kveler oss,
velmeinande og vennleg
tek han strupetak
med alle desse kirsebærblomane,
denne vennlege brisen
korleis vågar han røra oss på denne måten?
Svart-trost og vipe,
måltrost og alle desse andre
som aldri kan gje oss fred
Den første krydra angen av gras
etter ein lang vinter
Tunge angar av spirea,
nyutsprungne bjørker
og tidlege blomar
Alt dette som hentar oss inn
som gjer kveldslufta rusa av kjensler
og får oss til å lengta.
Å lengta etter det som var
Å lengta etter alt som kunne ha blitt
Å lengta etter alt som koma skal.
Trøytte av lengt,
med armane fulle av liv,
står me her og kan ikkje sova.
For våre urolege sjeler si skuld
finn me ikkje kvile.
Ein stad høyrer me gauken gala
for aller første gongen.
Snart skal blåklokkene
ringa sommaren inn
og me skal pusta friare.
***
Diktet over la eg ut på bloggen min for nøyaktig seksten år sidan. Eg trur det må vera ei spontanskrive og sidan har eg ikkje brukt det til noko, så då fekk det bli gjenbruk i dag. Eg veit ikkje om fleire enn meg kan bli gripne av ei slags kjensle av rastløyse på denne årstiden. Me blir liksom så svoltne på liv når alt blir grønt og lyst, og så blir me redde for at livet skal springa i frå oss.
I år er det på ein måte slik at me skal gjenerobra kvardagslivet, og det er jo for så vidt litt av eit prosjekt.
Det er ikkje sant at eg ikkje har vore innom skulen sidan me stengde ned. Eg har vore der to gonger, den eine gongen for å vera med på eit møte og henta noko og den andre gongen for å vera vikar, men i dag var eg der for første gong for å vera på jobb på nokonlunde vanleg måte. På veggen hang ein kalender med mars månad oppe, og på kanten av PC skjermen hang to gule lappar om ting eg måtte hugsa å gjera ca den 13. mars. Ingen av delene fekk eg gjort fordi dei dagane det skulle gjerast på aldri kom til å eksistera på den måten alle hadde rekna med då lappane vart hengde opp.
Eg fekk veldig fort den same følelsen som overraskar meg etter kvar gong eg har hatt ferie. Plutseleg følest det som om eg har vore der heile tida. Då eg skulle skriva inn noko i lærardagboka vart eg oppriktig overraska over kor stor mengde kvite ark eg måtte bla over for å koma til dagen i dag.
Det var kjekt å vera i gang. Veret vart mildare enn eg hadde venta då eg oppdaterte meg på yr, sjølv om me fekk ei haglbyge over oss då me gjekk heim. Det virka som om elevane var oppriktig glade for å sjå kvarandre igjen og protestane på det nye strikte vaske- og kohortsystemet vakte mindre forundring og protestar enn eg hadde trudd. Etter ei kort innføring i alt som skulle gjelda frå nå av, var me ute heile skuledagen. I morgon får me prøvd oss på ein vanleg skuledag. Det kan nok fort gå greitt det og. Nå har eg jobba til langt på kveld med elevtektstar og evalueringar, så nå er det på tide å seia takk for i dag. I morgon lovar dei fire til seks varmegrader og det skal ikkje regna lenger enn fram til klokka tolv.
Heidi