Ein halvtime til 17.mai

Sånn reint teknisk og datomessig er det 17.mai om ein halvtime, sjølv opererer eg med at den nye dagen startar når eg vaknar om morgonen.
Denne dagen vart det snakka om alt då me stengde ned 12.mars. «Korleis blir det med 17.mai?» , vart det spurd i fleire media. Sett i den store samanhengen kunne eg ikkje forstå at nokon brukte krefter på å bekymra seg for denne eine dagen meir enn to månadar fram i tid. Det måtte då vera det minste problemet?
17.mai blir det. For oss vaksne er vel på ein måte eit interessant eksperiment med ein litt annleis nasjonaldag. For barna er det litt annleis, men då me snakka om dagen og skreiv tekstar om dagen, så virka det som om dei fleste sjuandeklassingane hadde planar om 17.mai-feiring med familien, i rolegare former enn det dei var vane med, men at dei tenkte at det sikkert kom til å bli fint.
Dei melder om kaldt ver, men det ser ut til at regnet som det låg an til å bli faktisk har blåse over til den 18.mai i staden. Kulda talar nok mot anbefalingene om at folk aller helst bør leggja feiringa til hagen eller verandaen for å minska smittefaren. Her i huset skal me ta i mot litt gjester, herbuande barn, barnebarn og foreldra mine. Dei kjem litt puljevis og me skal laga 17.mai mat og pynta kake. Eg trur det kjem til å bli ei fin og roleg feiring. Eg har og tenkt å prøva å få med litt av sendingane på NRK. Eg trur dei har lagt sjela si ned i å leggja til rette for ein fin nasjonaldag i heimane.
I mange år var morgonen den 17.mai den travlaste i året med fire oppgira barn som skulle i bunadar og korpsuniform med nystrokne flagg og tidlege oppmøtetider på forskjellige plassar. Men det var fint. Ein ekstra stressfaktor eller gledesfaktor alt etter som ein ser det var at i dei første åra me hadde småbarn var det framleis ein tradisjon for at russen vekte lærarane sine sånn ca midt på natta. Det var ikkje så lett å få fire- fem åringer til å sova att etter å ha blitt vekte av hoiing og trompeter klokka halv fem når dei visste at nå var det 17.mai.
Eit velfungerande fedreland er verd å feira, og det er fint å minna kvarandre på det me har. Ikkje minst er det fint å tenkja gjennom korleis me vil fortsetja å ha det, og korleis me må innretta oss dersom me vil at barnebarna skal veksa opp med dei same naturressursane og den same samfunnssolidariteten som me sjølve har opplevd. Ingenting har nokon gong vore fullkome, heller ikkje i Norge, men me har mykje fint å ta vare på og byggja vidare på. Lenge tenkte eg at nestekjærleik og menneskeverdet til alle menneske var verdiar som kom til å stå sterkare og sterkare i eit meir og meir velutvikla samfunn. Eg tok det som sjølvsagt at slik skulle det vera. Det har gått opp for meg at det kan eg ikkje ta for gitt. Det er mange straumar i tida som skremmer meg. Kanskje er det slik at dette er tankar me må slåst for i all framtid fordi det finst andre og meir egoistiske måtar å tenkja på som eg trudde at sivilisasjonen hadde vakse i frå.
Dette var ikkje meint å vera ein 17.mai-tale, men bloggen er nå ein gong talarstolen min. Eg sluttar like godt med yndlingsnasjonalsongen min akkurat i det radiosendinga eg høyrer på tek meg over datogrensa.
Gud signe vårt dyre fedreland, og lat det som hagen bløma,
lat lysa din fred frå fjell til strand, og vinter for vårsol røma,
lat folket som brødre saman bu, som kristne det kan seg søma.
*
Og for at dette skal vera heilt klart. Korleis sømer det seg å bu i lag i eit land? Spør du meg er svaret nestekjærleik, varme, rausheit, respekt og solidaritet.
Ha ein fin 17.mai .
